Al-Shamiyai i Irak

Al-Shamiya (arabisk الشامية) er ein by i Al-Shamiya-distriktet i Al-Qādisiyyah guvernement i Irak. Han ligg kring 147 km sør for Bagdad ved Al-Shamiya-greina av Eufrat. Det har vore busetnad her sidan sumerisk tid, men den moderne byen vart grunnlagd i 1822 under Det osmanske riket, og då kalla «Hamidya» etter Abdul Hamid II. Han fekk namnet Al-Shamiya etter Kongedømet Irak vart oppretta.

Al-Shamiya
الشامية
by
Gate i Al-Shamiya
Land  Irak
guvernement Al-Qādisiyyah guvernement
Distrikt Al-Shamiya
Høgd 20 moh.
Folketal 300 000  (2014)
Kart
Al-Shamiyai i Irak
32°03′42″N 44°46′19″E / 32.061666666667°N 44.771944444444°E / 32.061666666667; 44.771944444444
Wikimedia Commons: Al-Shamiya

Folketalet i byen har vokse raskt, frå 189 000 i 1997 til 230 974 i 2007[1] til estimert 300 000 i 2014. Folketalet har stort sett bestått av sjiamuslimar og mange kjem frå den arabiske familien Nukha. Byen ligg på den frodige elvesletta nær Eufrat og det vert dyrka ris, dadlar og kveite i området rundt byen.

Kjelder endre

  1. Marvellous Mesopotamia، The world's wonderland، by Toseph T.Parfit M.A، Page 15

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Al-Shamiyai i Irak