Al Anbar guvernement

Anbar guvernement
محافظة الأنبار
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 32°54′N 41°36′E
Hovudstad Ramadi
Areal 138 501 km² [1]
Folketal 1 500 000  (2017)
Folketettleik 11 / km²
Guvernør Suhaib al-Rawi[2]
Kart
Al Anbar guvernement
32°54′ N 41°36′ E
Wikimedia Commons: Al Anbar Governorate

Al Anbar guvernement (arabisk محافظة الأنبار muḥāfaẓat al-’Anbār) er det største guvernementet i Irak etter areal. Det utgjer det meste av dei vestlege områda i landet og grensar til Syria, Jordan og Saudi-Arabia. Provinshovudstaden er Ramadi. Andre viktige byar er Fallujah og Haditha.

Guvernementet heitte Ramadi fram til 1976, då det fekk namnet Al Anbar. Før 1962 heitte det Dulaim. Nesten alle innbyggjarane i provinsen er sunnimuslimar og dei fleste høyrer til Dulaim-stamma.

Tidleg i 2015 sette Den islamske staten, med støtte frå lokal sunnimuslimsk milits, i gang eit felttog for å ta kontroll over provinsen frå dei irakiske styresmaktene. Sidan den gong er det gjort fleire offensivar for å fjerne IS-okkupasjonen.

Geografi endre

Al Anbar

Geografisk vert Anbar guvernement rekna som ein del av Den arabiske halvøya. Geografien i regionen er ein kombinasjon av stepper kring Eufrat og ørken. Området har ørkenklima med lite nedbør og store temperatursvingingar mellom dag og natt. Sommartemperaturane stig til 42 ºC, medan miniumstemperaturen om vinteren går ned mot 9 ºC. Nordvestlege og sørvestlege vindar kan stundom nå opp i 21 m/s (sterk kuling). Årsmiddelnedøren er 115 mm.

Dei viktigaste avlingane i Al-Anbar er kveite, poteter, bygg, mais, grønsaker og fôr. Det finst mang frukthagar og provinsen har kring 2,5 millionar palmetre. Jordbruket er avhengig av gjennomstrøyming eller via elvar, brunnar og regn.

Eufrat flyt diagonalt gjennom orådet frå nord til aust, og passerer gjennom seks av dei sju distrikta:

Folkesetnad endre

Dei største byane i Al Anbar

I 1920-åra hadde guvernementet 250 000 innbyggjarar, og det same hadde Bagdad, av eit samla folketal på 2 millionar i Irak. I dag er det ni millionar innbyggjarar i Bagdad, av dei ein million frå Anbar. Opphavet deira er folk frå Al-Anbar-stammene som har flytta til Bagdad dei siste 500 åra og nyare innflytting i 1920- og 1930-åra.

Halvparten av innbyggjarane i Anbar bur langs breidda av Eufrat.[3] Dei største byane er Ramadi (900 000 innbyggjarar) og Fallujah (700 000).

Distrikt Folketal
Ramadi 620 480
Fallujah 590 354
Khalidiya 44 274
Heet 120 414
Al-Qa'im 180 646
Rutba 49 118
Haditha 107 384
Anah 38 154
Rawa 29 643

I følgje eit SN-estimaet i 2003 var folketalet i Al Anbar då 1,2 millionar innbyggjarar.[4] Det er estimert at 90 % av innbyggjarane i Anbar er sunnimuslimar. Dei andre ti prosenta er anten sjiamuslimar eller kristne.[5]

Byar endre

Kjelder endre

  1. Citypopulation.de
  2. Omar Sattar (5 December 2016). «Has political crisis in Iraq's Anbar reached a dead end?». Al-Monitor. Henta 3 January 2017. 
  3. Parfit, Joseph T. (1920). Marvellous Mesopotamia, The world's wonderland. London: S. W. Partridge & co., ltd. s. 15. 
  4. UN Data 2003
  5. «Irakische Streitkräfte starten Rückeroberung Ramadis». Deutsche Welle. Henta 26. mai 2015. [daud lenkje]