Al Marjan Island er ei gruppe på fire korallforma øyar i ei menneskeskapt øygruppe i Ras Al Khaimah i Dei sameinte arabiske emirata i Persiabukta. Ho vert administrert av Al Marjan Island Company.[1] Det ligg fleire feriestader, strender og andre turistmål på dei fire øyane, som er eit av dei fremste turistmåla i Emirata.[2] Området hadde over hundre tusen vitjande i 2014.[3][4][5]

Al Marjan Island
øy
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Stad Ras Al Khaimah
 - koordinatar 25°40′N 55°44′E / 25.667°N 55.733°E / 25.667; 55.733
Grunnlagd 2013
Kart
Al Marjan Island
25°40′19″N 55°44′26″E / 25.67185556°N 55.74068056°E / 25.67185556; 55.74068056
Kart som viser Al Marjan Island.
Kart som viser Al Marjan Island.
Kart som viser Al Marjan Island.
Wikimedia Commons: Al Marjan Island
Nettstad: http://www.almarjanisland.com/

Bygginga av øyane starta i 2013 med ein femårsplan. Øyane husar i dag 45 % av alle 5-stjerners hotellromma i Emirata gjennom Rixos Bab Al Bahr, Hilton og Al Marjan Island Hotel & Spa.

Geografi

endre

Øygruppa består av Breeze Island, Treasure Island, Dream Island og View Island. Dei strekkjer seg 4,5 km ut i havet og dekkjer eit område på 2,7 km². Breeze Island består av fleire hotell og ein 2000 meter lang promenade langs sjøen.[6] Treasure Island er eit hovudsakleg bustadområde.[7] Dream Island er eit stort strandområde med fleire hotell og klubbar langs breidda.[8] View Island ligg sentralt i øygruppa med bustadområde og underhaldning.[9]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Karantzavelou, Vicky. «Al Marjan Island gears for strong investment activity in 2015». Travel Daily News. Travel Daily News. Arkivert frå originalen 29. april 2015. Henta 5. juni 2016. 
  2. Talwar Badam, Ramola. «RAK’s Al Marjan islands to rival Ibiza and Miami». The National. The National. Henta 29 April 2015. 
  3. Pickles, Kate. «Pictured: World's first man-made island solely devoted to partying to be built in Dubai featuring two 'mega clubs', four beach clubs and 100 restaurants». Daily Mail. Daily Mail. Henta 5. juni 2016. 
  4. Middleton, Ryan. «UAE Looking to Rival Ibiza, Europa With 24-Hour Party Island». Music Times. Music Times. Henta 5. juni 2016. 
  5. Rokou, Tatiana. «Al Marjan Island attracted over 100 000 tourists between January and August 2014». Travel Daily News. Travel Daily News. Arkivert frå originalen 29. april 2015. Henta 5. juni 2016. 
  6. «Breeze Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016. 
  7. «Treasure Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Arkivert frå originalen 10. mars 2015. Henta 5. juni 2016. 
  8. «Dream Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016. 
  9. «View Island». Al Marjan Island. Al Marjan Island. Henta 5. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre