Al Perkins

amerikansk musikar

Al Perkins (fødd 18. januar 1944) er ein USA-amerikansk gitarist mest kjend som steelgitarist.[1] Gitarfabrikanten Gibson kalla Perkins «den viktigaste dobro-spelaren i vertda» og byrja å lage ein signaturversjon av ein dobro i 2001.

Al Perkins
Fødd18. januar 1944 (80 år)
FødestadDe Kalb i Texas i USA
FødenamnAlbert Perkins
OpphavUSA
AktivSidan 1953
SjangerFolk, bluegrass, rock, countryrock, country, moderne kristen musikk
InstrumentPedalsteelgitar, gitar, dobro, banjo, vokal
Tilknytte artistarThe Flying Burrito Brothers, Manassas, Stephen Stills Souther Hillman Furay Band, Desert Rose Band, Gram Parsons, The Nash Ramblers, Emmylou Harris, Dolly Parton
Verka somMusikar, singer-songwriter, produsent

Tidlege år endre

Al Perkins vart fødd og voks opp i Texas og lærte seg å spele hawaiisk steelgitar ni år gammal. I 1950-åra vart Perkins rekna som eit vedunderbarn og spelte med regionale countryband, spelte på TV og radio, og vann fleire talentkonkurransar. Tidleg i 1960-åra byrja Perkins å spele elektrisk gitar med rockeband i Texas, og vart oppdaga av Mickey Jones og Kenny Rogers frå The First Edition. I 1966 var han i nasjonalgarden og var ferdig med militærtenesta i 1970.

1970-åra endre

I 1970 vart Perkins med i countryrockbandet Shiloh og flytta til California.[2] Med i bandet var Don Henley og den framtidige produsenten og direktøren Jim Ed Norman. Perkins vart så leigd inn til å spele i ei ny utgåve av The Flying Burrito Brothers[3][4] og spelte inn konsertalbumet The Last of the Red Hot Burritos i 1972. Perkins og Chris Hillman frå The Byrds,[5] gjekk så til Stephen Stills sitt Manassas,[6] som blanda latinamerikansk, rock, blues, country, folk og bluegrass. Han spelte òg steelgitar på The Rolling Stones-songen «Torn and Frayed» på Exile on Main St.[7]

Medan Stills arbeidde med Crosby, Stills and Nash, slo Perkins og Hillman seg saman med Richie Furay[8] (Buffalo Springfield og Poco) og J.D. Souther i Souther–Hillman–Furay Band.[9] Perkins byrja med musikkproduksjon i midten av 1970-åra, men turnerte igjen med Michael Nesmith og McGuinn & Hillman. Som studiomusikar spelte Perkins på mange kjende album, som Eagles sittOn the Border.[10]

Han vart med i det britiske bandet Ark i 1976 og spelte på albumet The Angels Come.

1980-åra endre

Perkins fortsette produksjonsarbeidet inn i 1980-åra og turnerte òg med Chris Hillman som ein duo, før han vart med i bandet til Dolly Parton i 1986, og turnerte og spelte inn plater med ho i fleire før han flytta til Nashville.

I Nashville skipa Perkins eit nytt prosjekt kalla The Nash Ramblers med Emmylou Harris, som han tidlegare hadde arbeidd med på dei to soloalbuma som Gram Parsons spelte inn.[11] Live at the Ryman album gav Perkins den første Grammyprisen sin i 1992.

Sidan 1990-åra endre

Al Perkins har halde fram å turnere og spele inn musikk. Så langt har Al Perkins spelt med mellom andre James Taylor, Bob Dylan, Tori Amos, Garth Brooks, Dwight Yoakam, Dan Fogelberg, Joe Walsh, Mike Love, Solomon Burke, Patty Loveless, Cher, Rita Coolidge, Iris DeMent, Michael Martin Murphey, Buddy Miller og Jim Lauderdale.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Winston, Winnie; Bill Keith (1975). Pedal Steel Guitar. Oak Publications. ISBN 0-8256-0169-X. 
  2. Einarson, John (2001). Desperados: The Roots of Country Rock. Cooper Square Press. ISBN 1-4616-0733-7. 
  3. Einarson, John; Hillman, Chris (2008). Hot Burritos: The True Story Of The Flying Burrito Brothers. Jawbone. ISBN 1-9060-0216-9. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «The Flying Burrito Brothers». AllMusic. Henta 5. desember 2018. 
  5. Frame, Pete (1980). Pete Frame's Rock Family Trees (Byrds & Eagles sections). Quick Fox. ISBN 0-8256-3950-6. 
  6. Caldwell, Rob. «Biography: Manassas». AllMusic. Henta 5. desember 2018. 
  7. http://www.allmusic.com/album/exile-on-main-st-mw0000191639/credits
  8. Furay, Richie; Roberts, Michael (2012). Pickin' Up the Pieces: The Heart and Soul of Country Rock Pioneer Richie Furay. Doubleday Religious Publishing Group. ISBN 0-3075-5079-6. 
  9. Hartenbach, Brett. «Biography: Souther-Hillman-Furay Band». AllMusic. Henta 2. oktober 2012. 
  10. Vaughan, Andrew (2010). The Eagles: An American Band. Sterling. ISBN 978-1-40-277712-7. 
  11. Griffin, Sid (1985). Gram Parsons: A Music Biography. Sierra Books. ISBN 0-9160-0300-0.