Alaskabukta

Alaskabukta er ei bukt som strekkjer seg langs sørkysten av den amerikanske delstaten Alaska. Bukta utgjer havområdet innanfor ei tenkt line på 1 342 kilometer frå det sørlegaste punktet på øya Kodiak i vest til Dixon Entrance, mellom øyane Dall i Alaska og Graham i canadiske British Columbia i aust.[1]

Alaskabukta
Gulf of Alaska
bukt
Morning Fog Banks on the Gulf of Alaska.jpg
Skodde i Alaskabukta
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Alaska
Del av Stillehavet
Breidd 1 342 km
Areal 1 533 000 km²

Alaskabukta
57° N 144° W
Wikimedia Commons: Gulf of Alaska

Frå kysten av Alaskabukta går det ei rekkje fjordar, bukter og sund. Den lengste av desse er 290 kilometer lange Cook Inlet, som ligg vest for Kenaihalvøya. Aust for halvøya ligg Prince William-sundet. Langs austkysten ligg Alexanderarkipelet med over tusen øyar.

Naturen langs kystlina er ein kombinasjon av skog- og fjellområde med flere isbrear, mellom anna dei to største i Alaska, Malaspina- og Beringbreen. Store delar av området er verna. Mellom anna ligg Kenai Fjords, Warangell-St. Elias og Glacier Bay nasjonalpark her.

Sjå òggEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Alaskabukta