Alaskavandresnipe

fugleart
Alaskavandresnipe
Sommardrakt, bilete frå California, i mai 2010 Foto: Jason Crotty
Sommardrakt, bilete frå California, i mai 2010
Foto: Jason Crotty
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Alaskavandresnipe T. incana
Vitskapleg namn
Tringa incana

Alaskavandresnipe (Tringa incana)[1] er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien. Han hekkar i lengst nordvest i Nord-Amerika og i austre Sibir og overvintrar på øyar i Stillehavet og langs austlege kystar av Australia og Papua Ny-Guinea, og i liten grad på vestkysten av Amerika sør til Chile.

Skildring endre

 
Alaskavandresnipe i vinterdrakt på Great Barrier Reef i Queensland, Australia
Foto: Tom Tarrant

Desse fuglane har tettvaksen kropp, lengda er mellom 26 og 29 centimeter og dei veg 60-169 gram.[2] Det meste av fjørdrakta i hekketida er i grått, oversida er mørk grå, men undersida kvit med mørke strekar og skjelmønstra sperrestrekar. I vinterdrakta er brystet grått og flekkar og strekar er diffuse. Dei har korte, mørke gule bein og eit mørkegrått nebb. Ho liknar i utsjånad den nært nærskylde sibirvandresnipa, T. brevipes. Begge desse to artane skil seg frå dei andre medlemmene i den biologiske slekta Tringa med fråvære av flekker på vengene, gråaktige venger og rygg, og skjelmønster på brystet som strekkjer seg meir eller mindre over buken i hekkefjørdrakta. I begge fjørdrakter har dei ei ganske framtredande augebrynstripe.

Utanom hekketida lever alaskavandresnipene spreitt i Polynesia og på andre øyar i det sørvestlege Stillehavet, på Hawaii og Galapagosøyane, og på austkysten av Papua Ny-Guinea og austkysten av Australia. Dei kan finnast, men er sjeldan langs vestkysten av Amerika frå California til Chile.[2]

Som andre borealmigrantar trekker alaskavandresnipa nordover for hekking i den nordlege sommaren. Dei hekkar aust i Tsjukotka-distriktet i det mest austlege Russland, i sentrale og sørlege Alaska, i vestlige Yukon nordvestre Britisk Columbia i Canada. Hekkehabitata ligg i fjellområde, opptil 1130 moh. Reirplassane har grus, og ligg ved stridtstraumande bekkar og elvar. Reiret er bygd av kvister og røter og er fôra med mjukare planterestar. Reirplassane kan ligge spreidde, men nokre gonger i klynger.[2]

Dei lever av virvellause dyr inkludert krepsdyr, marine leddormar, som havbørsteormar, i tillegg til blautdyr, insekt og dessutan litt småfisk. Under hekkesesongen et dei mest vasslevande insekt og larver, noko amfipodar, litt blautdyr og biller.[2] Gjennom trekket beitar dei aktivt. Beiteåtferda syner ofte rykkete rørsler på steinete underlag.

Lætet er ei rask og akselererande trille med søkkande tonar og avtakande styrke.

Storleiken på den totale populasjonen er estimert til å ligge mellom 10 000 og 25 000 individ og er trudd å vere stabil, jamvel om populasjonen har hatt nedgang i delar av Nord-Amerika.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Tidlegare Heteroscelus incanus: Pereira & Baker, 2005; Banks et al., 2006
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Wandering Tattler (Tringa incana) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. juli 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa incana. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. juli 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alaskavandresnipe