Flekkdverglerke

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Alaudala rufescens)
Flekkdverglerke
Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, public domain
Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, public domain
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Slekt: Alaudala
Art: Flekkdverglerke A. rufescens
Vitskapleg namn
Alaudala rufescens

Flekkdverglerke (Alaudala rufescens, tidlegare Calandrella rufescens) er ein liten fugl i lerkefamilien. Han har utbreiinga si i Nord-Afrika, frå Vest-Sahara til Egypt; den nordlege arabiske halvøya, Midt-Austen og sentrale og vestlege Asia. Dessutan lever arten på Den iberiske halvøya og i søraustlege Europa.

Skildring endre

 
Bilete frå Gran Canaria, Kanariøyane
Foto: Juan Emilio

Flekkdverglerke veks til ei lengd på frå 13 til 14 cm og kjønna er like. Akkurat som med arten dverglerke (Calandrella brachydactyla), har fjørdrakta varierande fargetoner med dei mange skildra underartane over det vide utbreiingsområdet. Drakta er mørkt stripa gråbrun på oversida, og kvit under. Han har eit bleikt augebryn, og eit kort, butt nebb. Flekkdverglerka liknar dverglerka i utsjånad, men er umerkeleg mindre, og generelt ein fugl med litt mattere fjørdrakt. Tydelegaste skilnaden er eit meir stripa bryst hos flekkdverglerke.

Flekkdverglerker hekkar i Nord-Afrika frå Kanariøyane og Vest-Sahara i vest, austover nord for Sahara til Midt-Austen og Tyrkia, austover over halvørkenen i Sentral-Asia til Mongolia og Kina. I Europa på Den iberiske halvøya, austlege Ukraina og sørvestlege Russland. Særleg i den vestelege delen er hekkeområdet oppstykka. I Aust-Europa og i nordlegaste hekkeområda i Asia er flekkdverglerkene trekkfuglar. Dei er svært sjeldne streiffuglar i Nord- og Vest-Europa, i mai 2013 vart eit individ funne på Hornøya i Vardø kommune.[1]

Dette er ein fugl med leveområde på tørt og ope land, og føretrekkjer tørrare og meir naken jord enn sjølv dverglerker gjer. Han hekkar på bakken, legg to eller tre egg i kullet. Føda er frø og insekt, sistnemnde spesielt i hekkesesongen.

Flekkdverglerker vanlege i utbreiingsområdet og IUCN har kategorisert arten som «livskraftig», LC. Storleiken på populasjonen i Europa er estimert til mellom 3 og 6 millionar individ og er trudd å vere minkande.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Funninformasjon hos Artsobservasjonar Henta 8. desember 2016
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Alaudala rufescens. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. desember 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Flekkdverglerke