Albert Joleik
Albert Joleik (14. mars 1880–30. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend.
Albert Joleik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mars 1880 |
Død | |
Yrke | lingvist, redaktør |
Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullførte examen artium 16 år og 3 måndar gamal i 1896, som den yngste nokonsinne. I 1901 var han den fyrste studenten til å levera embetseksamen på landsmål (nynorsk).
Joleik var bladmann (journalist), lokalhistorikar og målmann. Han budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustdal kommune, der han hadde gard. Mellom 1905 og 1908 var han offiser i Belgisk Kongo.
Frå 1921 vart Joleik statsstipendiat. I tida før den andre verdskrigen var han redaktør for ymse aviser. Her kan nemnast Spegjelen i Trondheim, Gula Tidend og sitt eige blad Fjordaposten i Bergen fram til 9. april 1940.
Joleik skreiv ei rik framstilling av historia til bygdene i Sunnfjord. Mellom anna Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim (1967) om Jølster og Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1910 – Soga um jomsvikingarne (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no [Omsetjar: Albert Joleik]
- 1925 – Soga um Torgjils Errabeinstjup, eller Floamanna saga (Bergen: Fjordaposten) I fulltekst ved nb.no [Omsetjar: Albert Joleik]
- 1959 – Sunnfjordsoga fram til 1801. Band 1 (Flora: Sunnfjord sogenemnd) I fulltekst ved nb.no
- 1959 – Sunnfjordsoga fram til 1801. Band 2 (Flora: Sunnfjord sogenemnd) I fulltekst ved nb.no
- 1960 – Ord sum er sams i rysk, norsk og svensk og ymse namnetolkingar (Bergen) I fulltekst ved nb.no
- 1967 – Soga um Jølst : fram til 1801 : og litevetta um Breim (Årdal i Jølster: Jølster sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
- 1969 – Bremanger bygdebok. Band 1. Soga fram til 1801 (Svelgen: Bremanger sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
- 1979 – Sunnfjordingen og haugianaren Anders Haave (Førde: P.T.K.)
- 1980 – Kløppstøls-folkje i 400 år (Bergen: K. J. Nedrebø) [Redigert av Kjellrun Joleik Nedrebø og Yngve Nedrebø]
- 1980 – Soga om Flora : før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar, no: Flora kommune. Soga fram til 1801 (Florø: Flora sogenmnd) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Hovudoppgåve av Norhild Joleik: Identitet, nasjon, profesjon : Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv
- Utdjupande artikkel om Joleik skriven av Kåre Lilleholt på snl.no.
- Om Albert Joleik i Lokalhistoriska artiklar Sogn og Fjordane
- 1969 – Tidige typer : femten fargerike Bergensprofiler (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no [Redigert av Gunnar Hagen Hartvedt. Av innhaldet: Albert Joleik, s. 217-231]