Albumet For Your Love

For Your Love
Studioalbum av The Yardbirds
Språk engelsk
Utgjeve 13. juni 1965 (USA)
Innspelt Mars 1964 – april 1965
Studio Olympic, IBC, & Advision i London
Sjanger Rock, bluesrock[1]
Lengd 31:04
Selskap Epic
Produsent Giorgio Gomelsky
Amerikansk The Yardbirds-kronologi 
For Your Love Having a Rave Up
(1965)


For Your Love er det første amerikanske albumet til det engelske rockebandet The Yardbirds. Det kom ut i juni 1965[2] og er ei blanding av tidlegare singlar og songar berre gjevne ut i USA, sett saman av produsenten Giorgio Gomelsky. Albumet kom ut medan Yardbirds var klar for den første USA-amerikanske turneen sin, og nådde 96. plassen på Billboard si Top LPs-liste. Albumet kom ikkje ut i Storbritannia. På same vis vart ikkje debutalbumet til Yardbirds i Storbritannia, Five Live Yardbirds, gjeve ut i USA.

Innspeling og komposisjon endre

For Your Love inneheld tre songar frå dei første innspelingane til Jeff Beck med The Yardbirds: «I'm Not Talking», «I Ain't Done Wrong» og «My Girl Sloopy» (desse songane kom ut seinare i Storbritannia på EP-en Five Yardbirds).[3] Eric Clapton spelte gitar på resten av songane, som inkluderte tre singlar (med B-sider) som kom ut på den tida og to demoinnspelinga som ikkje kom ut i Storbritannia før i 1980-åra.[4] Clapton, som hadde slutta i bandet fire månader før, er ikkje med på plateomslaget og heller ikkje nemnt på omslaget.[3]

Sallister og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]

Albumet nådde 96. plassen på Top LPs-lista til Billboard.[5] Det var det første Yardbirds-albumet som gjekk inn på lista. Den britiske debuten deira, Five Live Yardbirds, gjekk ikkje inn på UK Albums Chart og vart ikkje gjeven ut i USA.

I ei seinare melding for AllMusic skreiv Bruce Eder at «For Your Love ikkje er eit 'verkeleg' album ... I staden var det eit svar frå det amerikanske selskapet deira, Epic, til at bandet fekk tittelsporet på sjetteplassen, der manageren Giorgio Gomelsky valde ut songane.»[1]

Innhald endre

Info frå originalalbumet til Epic.[6]

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SologitarLengd
1.«For Your Love»Graham GouldmanEric Clapton2:28
2.«I'm Not Talking»Mose AllisonJeff Beck2:31
3.«Putty (In Your Hands)»Kay Rogers, John PattonClapton2:11
4.«I Ain't Got You»Calvin CarterClapton1:59
5.«Got to Hurry» (take 3)Oscar Rasputin (Giorgio Gomelsky)Clapton2:34
6.«I Ain't Done Wrong»Keith RelfBeck3:37
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SologitarLengd
1.«I Wish You Would»Billy Boy ArnoldClapton2:18
2.«A Certain Girl»Naomi Neville (Allen Toussaint)Clapton2:16
3.«Sweet Music» (stereo, opptak 3)Major Lance, Otis Leavill Cobb, Walter BowieUvisst2:29
4.«Good Morning Little Schoolgirl»H.G. DemaraisClapton2:52
5.«My Girl Sloopy»Bert Russell, Wes FarrellBeck5:36

Medverkande endre

The Yardbirds[7] endre

Andre medverkande[7] endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «The Yardbirds: For Your Love – Album Review». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  2. Koda & Russo 2001, s. 44–45.
  3. 3,0 3,1 Russo 1998, s. 24.
  4. Russo 1998, s. 24, 91.
  5. Koda & Russo 2001, s. 50.
  6. For Your Love (Album notes). The Yardbirds. LP label: Epic Records. 1965. OCLC 29310757. BN 26167. 
  7. 7,0 7,1 Koda & Russo 2001, s. 48.