Alcippe

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Alcippeidae)
Alcippe
Gråhovudfulvetta, Alcippe morrisonia
Gråhovudfulvetta, Alcippe morrisonia
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Alcippeidae
Slekt: Alcippe
Blyth, 1844

Alcippe er ei biologisk slekt med ti artar sporvefuglar som lever i den orientalske regionen av Asia. Dei norske artsnamna har fellesnemninga 'fulvetta'. Dette er en einaste slekta i fulvettafamilien Alcippeidae.

Skildring endre

Alcippe-fulvettaene er 12,5 til 16,5 cm lange og har 13,2 til 18,3 gram kroppsmasse. Oversida av fjørdrakta er dus brun eller olivengrå, undersida noko lysare. Hovudet og nakken er i brunt eller grått. Ofte kan ein sjå ein kvit augering eller ei lang mørk stripe over auga. Desse artane er mindre enn dei relaterte lattertrastar (Leiothrichidae) og har mindre kraftig farga fjørdrakt enn desse. Samanlikna med marktimalar (Pellorneidae) har Alcippe-artane veikare bein og lever i meir arboreale habitat.

Artsliste endre

Alcippe-fulvettaene i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alcippe