Aldo Moro

italiensk politikar

Aldo Romeo Luigi Moro (23. september 19169. mai 1978) var ein italiensk politikar og jurist frå Maglie i Puglia. Han var statsminister i Italia 1963–68 og 1974–76. Moro var ein av dei viktigaste leiarane av Democrazia Cristiana (Kristlegdemokratane), og kjend som ein svært tålmodig politisk forhandlar. Han vart kidnappa av Raude brigadar den 16. mars 1978 og myrda etter å ha vore fange i 54 dagar.

Aldo Moro

Fødd23. september 1916
Maglie
Død9. mai 1978 (61 år)
Statsborgar avItalia, Kongedømet Italia
Yrkepolitikar, diplomat, professor
InstitusjonarLa Sapienza
Utdanna vedUniversitetet i Bari
EktefelleEleonora Chiavarelli
BarnAgnese Moro, Maria Fida Moro, Giovanni Moro, Anna Moro
Alle verv
  • Italias statsminister (1963–1964)
  • Italias statsminister (1974–1976)
  • medlem av Deputertkammeret (1968–1972)
  • Italias justisminister (1955–1957)
  • undervisningsminister (1957–1958)
  • Italias utenriksminister (1964–1965)
  • Italias utenriksminister (1965–1966)
  • Italias utenriksminister (1969–1970)
  • Italias utenriksminister (1970–1970)
  • Italias utenriksminister (1970–1972)
  • Italias utenriksminister (1972–1972)
  • Italias utenriksminister (1973–1974)
  • Italias utenriksminister (1974–1974)
  • Italias statsminister (1964–1966)
  • Italias statsminister (1966–1968)
  • Italias statsminister (1976–1976)
  • undervisningsminister (1958–1959)
  • medlem av Italias grunnlovsforsamling
  • medlem av Deputertkammeret (1948–1953)
  • medlem av Deputertkammeret (1953–1958)
  • medlem av Deputertkammeret (1958–1963)
  • medlem av Deputertkammeret (1963–1968)
  • medlem av Deputertkammeret (1972–1976)
  • medlem av Deputertkammeret (1976–1978) Sjå dette på Wikidata
Aldo Moro då han var fange hos Raude Brigadar

Liv og gjerning endre

Moro studerte jus ved universitetet i Bari og disputerte så småningom på avhandlinga «La capacità giuridica penale». I 1943 grunnla han det kortliva tidsskriftet La Rassegna i lag med nokre vener. Han gifta seg i 1945 og vart far til born.

År 1946 vart Moro vald inn i det italienske parlamentet, der han var med i eit utval som arbeidde med å legge grunnen for ein ny italiensk grunnlov. Moro var medlem av det nasjonale parlamentet til han døydde.

Frå midten av 1950-talet hadde Moro sete i fleire italienske kristlegdemokratiske regjeringar. 1955-57 var han justisminister, deretter 1957-59 utdaninngsminister. Frå 4. desember 1963 til 24. juni 1968 var han statsminister, vinteren 1965 også utanriksminister eit par månader. 1969-72 og 1973-74 var han utanriksminister i regjeringar leia av Mariano Rumor.

Den 23. november 1974 gjekk Moro frå utanriksministerposten, til på ny å verte Italias statsminister. Han forlet regjeringa 29. juli 1976 då Rumor enno ein gong vart statsminister.

Kidnapping og død endre

16. mars 1978 vart bilen til Moro stoppa på Via Fani i Roma, og dei fem livvaktene hans vart alle skotne. Moro vart ført vekk. Terrorgruppa Raude brigadar (Brigate Rosse) tok ansvaret for kidnappinga og kravde at fengsla brigadistar skulle sleppast fri.

Etter langvarige forhandlingar der den italienske regjeringa vegra seg mot å inngå ein avtale, vart liket av Moro, med 11 kuler i kroppen, funne i bagasjeromet på ein Renault 4, parkert ved ein kyrkjemur sentralt i Roma.

Kjelder endre