Aldrimer.no er ein nettstad for kampanjen «Norges forsvarsevne» - ei verksemd som driv sponsa journalistikk. Stoffet vert hovudsakleg skrive av Kjetil Stormark.[1] Verksemda opptrer òg som eit byrå for aktuelle nyhendesaker som vert tilbode lokale, regionale og nasjonale medium.[2]

Innhald endre

Hausten 2015 hadde nettstaden oppslag om saker som var oppe i dei faglege råda til forsvarssjefen. Detta skapte merksemd, og fleire nettaviser skreiv om klappjakt etter kjeldene internt i Forsvaret.[3][4] Nettstaden meinte òg hausten 2017 at Russland øvde på å invadere Svalbard som del av militærøvinga Zapad-2017,[5] og at Etterretningstenesta ikkje hadde nok kontroll over kva som hende under øvinga.[6]

Under opninga av Skup-konferansen i 2016 kritiserte SKUP-leiar Jan Gunnar Furuly verksemda, og peikte på potensialet for at Stormark lèt seg styre av dei som gjev økonomisk støtte til Stormark sitt journalistiske prosjekt.[7]

Organisasjon og finansiering endre

Domenet til nettstaden tilhøyrer LOGOS MEDIA LIMITED, eit norskregistrert utanlandsk føretak som er registrert i Einingsregisteret for å driva sjølvstendig kunstnerisk verksemd innan litteratur, og dessutan produksjon av film, video og fjernsynsprogram og fotografverksemd.[8][9]

Klassekampen skreiv i 2015 at «Prosjektet er sponset med til sammen fem millioner kroner av investor Christen Sveaas, skipsreder Erling Lorentzen, Hans Herman Horns stiftelse, Leif Høegh Stiftelse og Steensland-fondet».[10]

Referansar endre

  1. «Forsvarsvenner gir Stormark fem millioner til journalistisk prosjekt». 
  2. «Hvorfor», Aldrimer.no (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2020 
  3. «Mener Forsvaret skades av lekkasjer». Minerva. 
  4. «Stormark mener Forsvaret jakter på kildene hans». 
  5. Kjetil Stormark (18.10.2017). «Russland trente på invasjon av Svalbard». Aldrimer.no. 
  6. «Krisemøter etter norsk totalkollaps», Aldrimer.no (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2020 
  7. «– La oss gjerne ta debatten, Jan Gunnar». Medier24.com (på norsk bokmål). 10. april 2016. Henta 27. juni 2016. 
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. august 2016, henta 14. januar 2018 
  9. orgnr 994776010 Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret, Brønnøysundregistrene, på Logos Media Limited. Sitat: «Virksomhet/art/bransje: Selvstendig kunstnerisk virksomhet innen litteratur, samt produksjon av film, video og fjernsynsprogrammer og fotografvirksomhet, og alt som står derav i den forbindelse. Næringskode(r): 90.034 Selvstendig kunstnerisk virksomhet innen litteratur»
  10. «Blar opp for opprustning». Henta 27. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff endre