Aleksander Aamodt Kilde (fødd 21. september 1992) er ein norsk alpin skirennar frå Bærum som vann verdscupen i alpine greiner 2020. Han er medlem i Lommedalens IL.

Aleksander Kilde


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1992 (31 år)
Bærum kommune
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2022

Karriere endre

Kilde sigra vinteren 2016 i to renn i verdscupen i alpine greiner, det fyrste i eit utforrenn og det andre i super-G. Med fleire gode plasseringar i super-g-tevlingane vann han super-g-cupen og han enda på sjuandeplassen i kampen om fyrstepremien i verdscupturneringa. I 2020-sesongen presterte Kilde jamt godt både i yndlingsøvinga super-g, utfortevlinga og storslalåmrenn, nok til å vinne ein knipen siger i verdscupen framom franske Alexis Pintureault og med sin eigen landsmann Henrik Kristoffersen på tredjeplass.

Kilde har pr 2020 delteke i to olympiske vinterleikar og tre verdsmeisterskap, utan å kome på medaljeplass. Under verdsmeisterskapen i alpine greiner 2017 vart Kilde nummer fire både i super-g og i kombinasjonstevlinga, dessutan vart han sjettemann i utforrennet.

Verdscupsigrar i enkeltrenn endre

Dato Stad Land Øving
30. januar 2016 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Utfor
27. februar 2016 Hinterstoder Austerrike Super-G
15. desember 2018 Gherdëina Italia Utfor
14. februar 2020 Saalbach-Hinterglemm Austerrike Super-G

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre