Ales stenar
Ales stenar er ei steinsetjing i Kåseberga 1,5 mil frå Ystad i Sverige. Med ei lengd på 68 meter er ho den største steinsetjinga i Skandinavia.
Ales stenar | |||
![]() | |||
![]() Ales stenar 55°22′58″N 14°03′16″E / 55.3827°N 14.0544°E |
---|

Alder
endreEin veit ikkje den rette alderen på Ales stenar. Jamvel om det finst teikn som tyder på eit opphav i slutten på bronsealderen (mellom år 1000 og år 500 fvt.), er det òg mogeleg at skipssetjinga kan vera grunnlagd i jarnalderen eller vikingtida (år 600–1000 evt). Leivningar frå jarnalderen inneheld i regelen ei grav, men i Ales stenar finst inga grav. På gamle oppteikningar og bilete kan ein attmed den store steinsetjinga sjå to smærre skipssetjingar. Ein har heller ikkje der funne nokon graver.
Bygnad
endreSteinsetjinga er ei skipssetjing som er bygd av 58 (opphavleg 60) steinar på ein 37 meter høg haug rett ved Austersjøen. Dei fire-fem tonn tunge steinane er plasserte slik at dei formar eit skip. Dei største, nesten 3,5 meter høge, steinane sit i dei to stamnane. Retninga deira peikar mot solrenninga og soleglad ved i same følgd vinter- og sommarsolkverv.
Ales stenar i bokheimen
endreDen svenske diktaren Anders Österling (1884–1981) skildrar Ales stenar i det kan henda mest vidgjetne diktet sitt «Ales stenar» (i samlinga Tonen från havet (1933)).