Alexander Dale Oen Arena

Alexander Dale Oen Arena, forkorta ADO arena, er eit kommunalt anlegg for symjing og stuping på Nygårdstangen i Bergen i Noreg, opna i 2014. Symjehallen er oppkalla etter symjaren Alexander Dale Oen.[1][2]

Alexander Dale Oen Arena

I tillegg til symje- og stupefasilitetar er det i bygningskomplekset ein fleirbrukshall og Amalie Skram videregående skole med om lag 1000 elevar.[3]

Symjahallen inkluderer hovudbasseng, stupebasseng, opplæringsbasseng, aktivitetsbasseng for barn, varmekulp for mellom anna stuparar samt to rutsjebaner med eige stoppbasseng. Anlegget vil ha garderobekapasitet for om lag 800 personar.

Anlegget er teikna av det danske arkitektfirmaet KHR Arkitekter.[4]

ReferanserEndra

  1. Svømmeanlegget oppkalt etter Dale Oen, arkivert frå originalen 2014-10-24, henta 5. juni 2014 
  2. Milliardanlegget blir oppkalt etter Dale Oen
  3. Fakta om anlegget, arkivert frå originalen 2012-06-08, henta 5. juni 2014 
  4. «Helleren» for et svømmeanlegg!, arkivert frå originalen 2014-06-03, henta 5. juni 2014 

BakgrunnsstoffEndra