Opna hovudmenyen

Alexander Søderlund

norsk fotballspelar

Alexander Toft Søderlund (fødd 3. august 1987 i Haugesund) er ein norsk fotballspelar som i 2011-sesongen spelar i angrep for Haugesund i Tippeligaen. Han vart seriemeister på Island med Fimleikafélag Hafnarfjarðar i 2009.

Alexander Søderlund
Alexander Søderlund.JPG
Fullt namn Alexander Toft Søderlund
Fødd 3. august 1987 (31 år)
Haugesund i Noreg
Høgd 187 cm
Kallenamn Søder
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Haugesund
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
Noreg Haugesund
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
200608
2008
200810
2008
2009
2010
2010
2011
Noreg Vard
Noreg Skjold
Italia Treviso
Belgia Namur (lån)
Island sitt flagg FH (lån)
Italia Lecco
Noreg Vard
Noreg Haugesund
11 (4)
-
0 (0)
3 (0)
18 (3)
7 (0)
12 (4)
21 (9)[1]
Landslag**
2006 Noreg Noreg U21 1 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 29. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 2. juni 2012.

Søderlund begynte karrieren sin i FK Haugesund og vart tidleg rekna som eit stort talent, men han var ofte skada og kom ikkje med på Haugesund sitt A-lag. I 2006 gjekk han difor til FKH sin veslebror, Vard Haugesund, der han fekk seriedebuten sin. Før overgangen til Vard fekk han òg ein kamp for Noreg sitt U21-landslag. Mens han var i Vard, var Søderlund på prøvespel Lecce og Pisa i italiensk Serie B, men utan at det vart nokon overgang.[2] Han var òg på prøvespel hjå den franske tredjedivisjonsklubben Entente, som tilbaud han kontrakt, men dette vart ikkje noko av då Vard ikkje ville la han gå gratis.[3] Men Søderlund var svært lysten på å spela i utlandet og skreiv under kontrakt med den italienske fotballagenten Corvino Polomba.[4] Sommaren 2008 fekk han kontrakt for Serie B-klubben Treviso.[5]

Treviso vart heller ingen stor suksess for rogalendingen. I sesongoppkøyringa fekk han spela mykje og skåra òg mål,[6] men hamna så på juniorlaget til Treviso. I august 2008 vart han lånt ut til det belgiske andredivisjonslaget UR Namur. Hjå botnlaget Namur spelte han tre kampar utan å skåra, før han vart henta attenda til Italia etter tre månader.

Mot slutten av 2008/09-sesongen gjekk Treviso mot nedrykk og konkurs, og prøvde iherdig å få avsetning for spelarane sine. Søderlund hamna denne gong på Island, hjå dei islandske meisterane Fimleikafélag Hafnarfjarðar på utlån for den islandske 2009-sesongen.[7][8] Her fekk han fast plass på laget, fekk oppleva Meisterligaspel og var med på å vinna the double på Island.

Etter utlånsperioden til Island løyste Treviso Søderlund frå kontrakten. Han var så på prøvespel hjå den italienske tredjedivisjonsklubben Calcio Lecco i januar 2010,[9][10] og fekk kontrakt for fire månader med klubben. Han fekk spela dei fleste kampane, men mest som innbytar. Lecco rykte ned frå Serie C etter sesongen.[11]

Hausten 2010 var Søderlund tilbake i Vard Haugesund. Etter 2010-sesongen prøvespelte han for FK Haugesund og imponerte nok til å få ein toårskontrakt med Tippeligaklubben frå januar 2011.[12] Vard fekk ein overgangssum for spelaren.[13] Han spelte frå start i Haugesund sin opningskamp i 2011-sesongen og skåra dei to første tippeligamåla sine heime mot Stabæk 8. mai 2011.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen begynte med omsett stoff frå tysk Wikipedia 2. mai 2011.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Alexander Søderlund