Alf Wiig

norsk prest
(Omdirigert frå Alf Kristian Theodor Wiig)

Alf Kristian Theodor Wiig (24. august 189110. juli 1974) var ein norsk biskop og ordførar.

Alf Wiig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1891
Kristiansund kommune
Død

10. juli 1974 (82 år)
Noreg

Yrke prest
Verv Biskop av Nord-Hålogaland
Periode 1952-1962
Føregangar Wollert Krohn-Hansen
Etterfylgjar Monrad Norderval
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Margarethe Wiig

Wiig var fødd i Kristiansund. Han tok teologisk embetseksamen i 1917 og var i åra etterpå knytt til KFUM i Bergen. Han gjorde teneste som sokneprest i Karasjok frå 1923 og Sortland frå 1934, og var òg prost i Hammerfest og Vesterålen. Han var òg ordførar i Karasjok (1932–34).

Etter krigen vart han fylkesprost i Finnmark (1945–1952) med spesielt ansvar for attreisning av kyrkja sine bygningar og eigedomar. I 1952 vart han først domprost i Tromsø, før han vart oppnemnd til den første biskopen i det nye Nord-Hålogaland bispedømme (1952-1962). Han var pådrivar for den første kvinnelege presten i landet Ingrid Bjerkås (1961). Han vart heidra med Petter Dass-medaljen i 1967. Han fekk òg St. Olavs orden.[1]

Wiig var gift med Margrethe Wiig (1903-2002), forfattaren av den første samiske ABC-boka.

Referansar endre

  1. Aftenposten morgen – Nekrolog (11. juli 1974, s.15)