Alf Saltveit (fødd 14. juni 1946 i Haugesund) er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og kulturskribent. Han debuterte med diktsamlinga Gneistar i 1982, og har sidan gjeve ut mange bøker.

Alf Saltveit
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1946 (77 år)
Haugesund
Yrke Adjunkt, forfattar
Periode 1982-
Debut Gneistar

Saltveit tok examen artium i heimbyen i 1965, og var lærar på Kopervik realskole i eitt år før han tok lærarskulen i Stavanger og vart adjunkt. Sidan har han arbeidd ved Sola ungdomsskole og i grunnskulen i Karmøy og Sveio, før han sommaren 1987 vart forfattar på heltid.

Han er kanskje mest kjend i Haugesund, men historiene hans veks også rundt omkring i dei næraste byane. I fleire romanar kritiserer han heimbyen, men han har likevel fått ein fast plass med namneplate og foto på stamkaféen nær Rådhusplassen i byen. Sidan debuten i 1982 har han skrive både diktsamlingar, tekstsamlingar, romanar og lokalhistorie. Mange av dei lokalhistoriske artiklane hans er fyrst utgjevne i Haugesunds Avis og har seinare kome i bokform. Han har også redigert lokalhistoriske bøker.

I 1989 gav Saltveit ut Tonen som kom, eit gjendikta utval av dikta til nobelprisvinnaren Seamus HeaneySolum forlag. Han har også gjendikta Paul Muldoon, Michael Krüger og Carlos Drummond de Andrade.

Saltveit skriv på nynorsk. Han har fått kulturstipenda til både Haugesund kommune og Rogaland fylke.

Bibliografi endre

  • 1982 – Gneistar (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1983 – Vandring (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1986 – Det finst alltid eit startnummer (Oslo: Samlaget. Diktsamling)
  • 1987 – Kafeen (Stavanger: Dreyer bok. Tekstar)
  • 1990 – Jordharmoniar (Oslo: Solum. Diktsamling)
  • 1991 – Ser du havet… (Haugesund: Worum. Tekstar)
  • 1993 – Til Haugalandet (Haugesund: Worum. Diktsamling)
  • 1996 – Dikt i utval (Stavanger: Dreyer bok. Diktsamling)
  • 1997 – Folkeliv og trollskap (Haugesund, Worum. Folkeminne)
  • 1998 – Heimegrunn: 30 skribentar i Haugesund og Skåre (Haugesund: Worum)
  • 1999 – 3 presentasjonar (Haugesund: Worum)
  • 1999 – Vestvarsel og Vistemann (Haugesund: Worum. Folkeminne, historie)
  • 2000 – Byen 2000 (Stavanger: Dreyer bok)
  • 2002 – Lykke til – ei dokumentarisk minnebok med og om Martin Nag (Stavanger: Kveldsbel-eika)
  • 2003 – Hjelpeprest Henrik Hansens visjon (Stavanger: Dreyer bok. Eventyr, monologar, pastorale)
  • 2004 – Drops for Haugesund (Haugesund: Worum. Diktsamling)
  • 2005 - Vårherre gjestar Haugesund : dramaroman
  • 2006 - Frode møter Laotse : samtaler
  • 2008 - Og så kom Diogenes : anekdotar
  • 2009 - Stemmeskifte : songar og dikt
  • 2010 - Knott : strofer og stikk
  • 2011 - Temperament: Folkelege songar og dikt
  • 2012 - Katekisme: Oppbyggjelege tekstar

Som gjendiktar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre