Castor

pattedyrslekt
(Omdirigert frå Alfa Geminorum)

Castor er ei pattedyrslekt som omfattar to artar av bever. Bever er den største gnagaren som finst på den nordlege halvkula. Beverane omfattar familien Castoridaæ med dei to artane Castor canadensis og Castor fiber. Førstnemnde høyrer heime i Amerika, mens sistnemnde høyrer heime i Europa.

Castor
Utbreiing
Utbreiinga av Castor
Utbreiinga av Castor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Underorden: Castorimorpha
Familie: Beverfamilien Castoridae
Slekt: Castor
Linnaeus, 1758

Beveren kan oppnå ei vekt på 40 kg. Han er dekt av tjukk, vasstett pels, og bakbeina er kraftige, med symjehud mellom de fem tærne. Forbeina derimot liknar våre hender, og beveren bruker dei med stor dyktigheit og presisjon til forskjellige oppgåver.

Beveren overgår alle andre pattedyr (unntatt mennesket) når det gjeld evna til å endre og tilpasse sitt livsmiljø. Det som imponerer mest er beveren sine demningar. Dei kan vere opptil fleire titals meter lange, og sørgjer for at vasstanden i hovudreviret er mest mogleg konstant. Sjølve beverhytta kan vere opptil 7 m i diameter, og huse 2–3 familiar, med høgast 8–10 individ.

Artar

endre

Bakgrunnsstoff

endre