Opna hovudmenyen

Alfred Obert Hagn (fødd 6. desember 1882 i Odda, død 16. desember 1958 i Oslo) var ein norsk målar, spion, forfattar og kyrkjerestauratør. Hagn, som voks opp i Stavanger, Chicago og Kristiania, heitte opphavleg Hagen, men skifte seinare etternamn til Hagn. I tida før første verdskrigen var han kunstmålar og kubist, truleg den første i Noreg, men han fekk liten suksess. I 1916 blei han rekruttert som spion for tysk etterretningsteneste, men blei arrestert året etter av MI5 i London og dømt til døden. Han blei til slutt friteken og slapp ut av britisk fengsel i 1919. Frå 1920 til 1945 arbeidde han som kyrkjerestauratør for Riksantikvaren. Under andre verdskrig blei han medlem av NS, medlem av Kulturtinget og medhjelpar for den tyske SS-organisasjonen Ahnenerbe i Norge. Etter krigen blei han dømt for landssvik.

Alfred Hagn
Hagn portrett.jpg
Fødd 6. desember 1882
Odda
Død

16. desember 1958
Oslo

Yrke politikar, journalist, skribent, kunstmålar
Alfred Hagn på Commons

BarndomEndra

Alfred Hagn blei fødd som Alfred Obert Hagen i 1882 i Odda. Foreldra var kjøpmannen Åsmund Olsen Hagen (1882–1886) og kona Julie Marie Hagen f. Helland (1857–1933). Faren døydde då Alfred berre var tre år gamal. Kort tid etter dødsfallet flytte han med mora til hennar heimby, Stavanger. Resten av livet hadde Hagn likevel tette band til Odda og fjellbygda Røldal. Røldal var heimbygda til faren, der familien hadde mykje slekt. Hagn tilbrakte mange somrar i Røldal og var nært knytt både til bygda og stavkyrkja der.

Før 1890 blei Alfred Hagn og mora medlemmer av Adventistkyrkja og flytte i 1890 til adventistanes hovudkvarter i Battle Creek i Michigan i USA. Mora blei innrullert på sjukepleiarskulen ved Battle Creek Sanitarium, den enorme kurstaden som adventistkyrkja hadde der. Denne institusjonen blei leidd av den berømte legen John Harvey Kellogg. I denne perioden gjekk Hagn også på skule i Chicago. Han og mora budde i Amerika i fem år, heilt til Julie Hagen vart tvungen til å dra til Noreg i 1895 av helsemessige grunnar. Amerikaopphaldet skulle prega Alfred Hagn for livet, og han var amerikavennleg og tenkte alltid på engelsk som sitt andre morsmål.[1]

Modernistisk kunstnarEndra

Etter at han kom tilbake til Noreg utdanna Hagn seg til gravør og budde ei rekkje stader, blant anna Stavanger, Kristiania og Røldal. Han flytte tilbake til USA i 1905, denne gongen åleine, han akta å livnæra seg som teiknar. Han returnerte allereie året etter og bestemte seg for å bli kunstmålar. I åra 1905-06 gjekk han på Harriet Backers målarskule i Kristiania, og besøkte også kunstakademiet i København. Det var i denne perioden at han endra etternamn frå Hagen til det meir moderne og fikse Hagn. I åra 1910-13 hadde han tre lengre opphald i det internasjonale kunstnarmiljøet på Montparnasse i Paris. Det var ein så å seia obligatorisk del av utdanninga til dei som ønskte å bli moderne kunstnarar den gongen. Hagn deltok på Haustutstillingane kvart år frå 191216 til mildt sagt blanda kritikkar. Han deltok på utstillinga Salon des Indépendants i Paris i 1914. Hagn er i dag innkjøpt av Nasjonalgalleriet, og nyt ein viss vørdnad for si rolle i kunsthistoria; måleria dukkar av og til opp på kunstauksjonar. Som kunstnar var han i tida før første verdskrigen ein utprega modernist, noko som gjorde han omstridt. Han kom tilbake frå Paris kubist, og noko seinare, i 1917, ble han skildra som landets då einaste futurist. Hagn var særleg inspirert av den russiske målaren og kunstteoretikaren Vasilij Kandinskij, både når det galdt målarstil og kunstfilosofi. I 1916 gav han ut ei dels sjølvbiografisk novellesamling med tittelen Skilderier. Han skreiv også reisebrev og artiklar for fleire aviser, blant anna Bergens Tidende, Dagbladet og Ukens Revy.

I desse åra vanka han i Kristianias kunstmiljø, og hadde blant anna Per Reidarson, Reidar Mjøen, Pauline Hall, Ernst Harthern og Kristen Gundelach blant sine vener. Han blei også hjelpt av forfattaren Vilhelm Krag.[2]

Spion for tyskarane under første verdskrigenEndra

 
Benjamin Vogt, norsk minister i London i 1917
 
Eitt av breva Alfred Hagn sendte til ei tysk dekkadresse i Lørenskog medan han oppheldt seg i London 1917. Frå saksmappa i Riksarkivet.

Etter 1913 budde Alfred Hagn i Kristiania, og om somrane arbeidde han som restaureringsassistent ved Røldal stavkyrkje. Der tok han del i eit tyskvennleg kunstnarmiljø rundt redaktør Victor Mogens og hans blad Ukens Revy, som han også skreiv for som journalist. Under krigen kom han i kontakt med etterretningtenesta til Den tyske keisarlege flåten, Nachrichtenabteilung, og hausten 1916 blei han verva som tysk spion, og fekk i oppdrag å reisa til London. Tyskland dreiv ei stor etterretningsverksemd i Noreg, på grunn av landets skipsfart og rolla det spelte som inngangsdør til Storbritannia.[3]

 
Joh. Søhr, sjef for Opdagelsespolitiet (teikning i Tidens Tegn 1917)

Hagn reiste under dekke av å vera korrespondent for Dagbladet, dette oppdraget fekk han gjennom venen Reidar Mjøen. Han fekk då med seg anbefalingar til britiske styresmakter frå sjefredaktør Einar Skavlan i Dagbladet, utanriksminister Nils Claus Ihlen, og Benjamin Vogt, som var norsk minister i London. Hagn kom fram til London i april 1917, men blei arrestert allereie 24. mai av den britiske kontraetterretningstenesta MI5 på hotellet han budde på i London. Tipset kom opphavleg frå det norske Opdagelsespolitiet, som var leidd av Joh. Søhr. Dette går fram av nedgraderte britiske dokument, først frigjevne på 1990-talet.[4]

Arrestasjonen av Hagn var ein pinleg affære, både for dei involverte personleg og for nasjonen Noreg. Frå norsk side prøvde ein difor å leggja lok på saka, men noko kom likevel ut etter at det britiske War Office valde å lekkja saka ut i pressa som ei åtvaring til Noreg. Kombinasjonen av leiande norske embetsmenn og pressefolk klarte likevel å leggja bortimot fullstendig lok på saka, og ho endte som små notisar i avisene.

Sidan Hagn var ein utanlandsk spion, blei saka hans ført for ein militær domstol, der ho kom opp i august 1917. Den norske ambassadøren i London, Benjamin Vogt, hjelpte Hagn på mange måtar. Den norske legasjonen betalte for forsvarsadvokat med pengar frå utanrikstenesta.[4] Etter ein summarisk rettssak blei Alfred Hagn dømt til døden 28. august 1917. Det var ikkje prov for at han hadde klart å senda nokon hemmelege meldingar til sine oppdragsgjevarar, men han vart funnen med hemmeleg blekk og ei kjend tysk dekkadresse på seg, det var nok. Det var krig, og i krigstid avretta ein fiendtlege spioner. Hagn blei ført til Tower of London, og sett inn på ei dødscelle. Der venta han på at dødsdommen skulle fullbyrdast. Kort tid før dette skulle skje, fekk han melding om at straffa var blitt omgjort til livsvarig straffearbeid, og Hagn blei overført frå Tower til Maidstone-fengselet sør for London, der han skulle sona.[5]

Hagn var langt frå den første tyske spionen som hadde kome til Storbritannia frå det nøytrale Noreg, eller som britane hadde påvist hadde sendt spionmeldingar. Den britiske regjeringa brukte saka til å pressa den norske regjeringa til å innta ein meir britisk-vennleg ståstad - Norges handel med Tyskland blei sterkt mislikt i London. Noreg hadde som eit nøytralt land store utfordringar under krigen. For dei norske styresmaktene galdt det å unngå å bli drege inn i krigen. Dette var heile tida ein vanskeleg balansegang, då også tyskarane pressa på Noreg. Britane var også misnøgde med det dei såg på som norsk ettergjevnad overfor Tyskland. Det britiske utanriksdepartementet (Foreign Office) såg eit høve til å bruke Hagn-saka til å leggja ytterlegare press på Noreg. At utanriksminister Ihlen nærmast tvang Kong Haakon til å senda ein benådningssøknad til sin svoger, den britiske kongen, spelte difor ei mindre rolle for utfallet av saka. Det var norsk ettergjevnad overfor britane i pågåande handelsavtalar som og omgjorde dødsdommen til Hagn og redda livet hans.[4] Dette fall i tid saman med dei begynnande tyske Zeppelinar-åtaka på Sør-England og London.

Alfred Hagn blei benåda, og utvist av Storbritannia i 1919, etter å ha sveltestreika. Også no la minister Benjamin Vogt ned eit stort arbeid bak kulissane. Han lukkast med å overtyda britane om at Hagns helsetilstand var så dårleg at han var i fare for å mista livet, og at det ville vera ein kjedeleg sak for Storbritannia om det skjedde.[6]

 
Alfred Hagn (1882-1958), teikning i Aftenposten 4. juli 1917

KyrkjerestauratørEndra

 
Alfred Hagn som kyrkjerestauratør. Biletet teke ved ei uidentifisert kyrkje ein gong på 1920-30-talet

Etter at han kom heim til Noreg, blei Alfred Hagn frossa ut av kunstnarmiljøet i Kristiania. Han slutta difor etter kvart å måla og gav opp å vera moderne kunstnmålar. I 1921 blei han gift med Ragnhild Høegh-Omdahl (f. Lundh) som han hadde treft rett etter heimkoma til Noreg, medan han rekonvaleserte på Bamble prestegard i Telemark.[7] Hagn sa at ekteskapet var langt meir gjennomgripande for han enn «Englands-affæren» hadde vore. Han kalla ekteskapet sin siste «viderværdighet». I England hadde han nær møtt sin skjebne, difor hadde han ved heimkoma til Norge gått til motsett ytterpunkt.[8]

I 1923 reiste ekteparet til Bayern, der dei oppheldt seg vel eitt år saman med fleire andre tyskvennlege nordmenn, blant andre teatermannen Bjørn Bjørnson, journalisten Sven Elvestad og Victor Mogens. Under dette opphaldet var Hagn vitne til Adolf Hitlers kuppforsøk i München.

Etter at han kom tilbake til Noreg i 1924, trekte han seg unna offentlegheita, gifte seg og slo seg ned på Grav i Bærum. Der bygde han hus og levde eit stille og roleg liv. Han fekk seg arbeid som kyrkjerestauratør hjå Riksantikvaren og arbeidde med kyrkjeinteriør, måleri og skulpturar. Han arbeidde den første tida som assistent på oppdragsbasis for Domenico Erdmann, sidan på eiga hand. Men han blei ikkje fast tilsett. I tjue- og trettiåra arbeidde og restaurerte han ei lang rekkje kyrkjer over heile Noreg. Hagn var særleg ekspert på stavkyrkjer og blei sett på som ein dyktig fagmann på sitt felt. Han tok også opp att målinga. I åra rett før andre verdskrigen konsentrerte Hagn seg særleg om Nord-Noreg. I desse åra utvikla han ein nær venskap med psykologen Ingjald Nissen.[9]

Andre verdskrigen og AhnenerbeEndra

 
Logoen til Ahnenerbe.

Under andre verdskrigen kom Hagn tilbake i søkelyset. Då det opna seg ei fast stilling som restaureringskonsulent hos Riksantikvaren i 1941 - Hagn hadde berre arbeidt på oppdragsbasis før dette - fekk Hagn tilstrekkeleg gode kontaktar til å få NSkultur- og folkeopplysningsminister Gulbrand Lunde til å tilsetja han i stillinga. Hagn måtte då melda seg inn i NS. Han var gjennom resten av krigen Riksantikvarens representant i NS' Kulturting, då riksantikvar Harry Fett lét vera å møta fordi han ikke var partimedlem.

Frå 1943 samarbeidde Hagn nært med Hans Schwalm, den tyske representanten for Heinrich Himmlers Forschungs- und Lehrgemeinschaft das Ahnenerbe i Norge. Ahnenerbe var ein del av SS, og dreiv med antropologisk og kulturhistorisk «forsking» på den ariske rasen. Organisasjonen var svært oppteken av den gamle norske bondekulturen, og Hagn som var ekspert på kyrkjemålarar og stavkyrkjer, var difor ein naturleg samarbeidspartnar. I 1943 var han reiseleiar for ein kommisjon av Ahnenerbe-forskarar på studietur rundt om i Sør-Noreg. Hagn var i denne perioden permittert frå stillinga i Riksantikvariatet.

Som følgje av dei tyske venene og NS-medlemskapen, blei Hagn og familien hans utfrosne i lokalmiljøet på heimstaden Grav.[10]

EtterkrigstidaEndra

Hagn blei arrestert kort tid etter frigjeringa i 1945. Det viste seg likevel vanskeleg å få han straffa for landssvik på grunn av hans dårlege helse og det enda med at han blei dømt til eitt års fengsel som foreleggsstraff. Men han var for svak til å kunna sona og i 1947 blei han difor benåda. Dei siste åra av livet sitt budde han på Tøyen i Oslo.[11] Alfred Hagn døydde i Oslo i 1958.[12]

EttermæleEndra

Etter at han døydde – og langt på veg før – var Alfred Hagn ein gløymd mann. Både spionhistoria under første verdskrigen, hans kunsthistoriske rolle og hans verksemd under andre verdskrigen var lite kjend. Som NS-mann blei hans bidrag til kunsten oversett, og det var lenge lita interesse for første verdskrigen blant norske historikarar.

I 2010 blei det utgjeve ein biografi om Alfred Hagn, med tittelen Den mislykkede spionen. Fortellingen om kunstneren, journalisten og landssvikeren Alfred Hagn. Forfattarane var historikarane Nik Brandal, Eirik Brazier og Ola Teige.

ReferanserEndra

  1. Brandal, Brazier og Teige Oslo 2010, s. 27-36
  2. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 36-75.
  3. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 13-26 og 75-79.
  4. 4,0 4,1 4,2 Brandal, Brazier og Teige, Dagbladet, 14.10. 2010.
  5. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 86-75 og 160-168.
  6. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 168-180 og 196-199.
  7. Som ein kurisositet kan det nemnast at dei blei vigde av Johan Bernhard Hjort, som då var sorenskrivarfullmektig i Aker.
  8. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 221-250.
  9. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 250-275.
  10. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 283-313.
  11. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 329-345.
  12. Brandal, Brazier og Teige 2010, s. 358-60.

KjelderEndra

  • Brandal, Nik, Brazier, Eirik og Teige, Ola, Den mislykkede spionen. Fortellingen om kunstneren, journalisten og landssvikeren Alfred Hagn, Oslo 2010.
  • Brandal, Nik, Brazier, Eirik og Teige, Ola, "Moland og French er ikke de første nordmennene med dødsdom utenlands" Dagbladet, 14.10. 2010, lenke.
  • Gasche, Malthe, «Norge og prosjektet Germanische Wissenschafteinsatz. Hans Schwalm og Ahnenerbes fiasko i Norge 1942–44», i Emberland, Terje og Fure, Jorunn Sem (red.), Jakten på Germania. Fra nordensvermeri til SS-arkeologi, Oslo 2009.
  • Gran, Henning, «Kubismens hovedfremstøt mot Norge», Kunst og kultur, Oslo 1955.
  • Greve, Tim, Spionjakt i Norge: Norsk overvåkingstjeneste i tiden før 1940, Oslo 1982.
  • Hagn, Alfred, Skildrerier, Kristiania 1916.
  • Norsk kunstnerleksikon, b. 2, Oslo 1983, s. 23, «Hagn, Alfred»
  • Søhr, Joh., Spioner og bomber: Fra opdagelsespolitiets arbeide under verdenskrigen, Oslo 1938.
  • Tandberg, Marianne, Kulturminnevern og krig: Riksantikvaren, Nasjonal Samling og Ahnenerbe 1940-1945, Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, Oslo 2003.

BakgrunnsstoffEndra