Alfred Næss
- Denne artikkelen handlar om revyforfattaren. For skøyteløparen, sjå Skøyteløparen Alfred Næss.
Alfred Næss (30. november 1927–30. november 1997) var ein norsk revyforfattar frå Vardø. Han flytte til Oslo etter evakueringa av Finnmark og tok artium ved Oslo katedralskole i 1947 før han tok til på jusstudiar i byen.[1] Han tok til med revyarbeid allereie i studietida, og var med på å skriva både Faen i nøtta (1950) og Du slette tid (1952). Næss vart kjend med Einar Schanke i denne tida, og debuterte profesjonelt i Chat Noir-revyen Ferske fjes med Schanke i 1957. Han vart tilsett som fast forfattar på Chat Noir av direktør Egil Monn-Iversen i 1959, og heldt fram då Schanke overtok direktørstolen i 1962 heilt fram til 1975. Deretter heldt Schanke og Næss fram samarbeidet sitt i ABC-teatret resten av karrieren, til 1992.
Alfred Næss | |
Pseudonym | Pirre P. |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1927 Vardø kommune |
Død |
30. november 1997 (70 år) |
Yrke | skodespelforfattar, låtskrivar, songtekstforfattar, omsetjar |
Språk | norsk |
Alfred Næss har forøvrig samarbeidd med Wenche Myhre, Yngvar Numme i Dizzie Tunes, Hege Schøyen, Øyvind Blunck og The Monn Keys. Næss døydde i 1997, nøyaktig 70 år gamal. I 2000 vart det utgjeve ei minneplate om han, med tittelen Folk skal trives. Revyviser og sketsjer med tekster av Alfred Næss.
Prisar og utmerkingar
endre- 1981: Leonardstatuetten
- 1987: Leif Justers ærespris saman med Kjell Halvorsen
- Han var medforfattar av fleire av NRK sine vinnarbidrag i Montreux.[2]
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ Larsen, Svend Erik Løken. (13. februar 2009). Alfred Næss. I Norsk biografisk leksikon. Henta 12. februar 2014 frå http://nbl.snl.no/Alfred_N%C3%A6ss.
- ↑ «Alfred_Næss» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 12.02.14.