Alfred den store
Alfred den store (ca. 849–26. november 899) var konge av Wessex frå 871 og til han døydde. Han var også den mektigaste kongen i England, og sjølv om han aldri herska over heile det som i dag er England blir han likevel gjerne rekna som konge av landet. Alfred blir rekna som ein av dei mest sentrale personane i samlinga av England og i forsvaringa av riket mot danane, og han har derfor fått tilnamnet «den store». Han var også den første kongen som hadde tittelen «konge av England» i levetida si. I motsetjing til andre tidlege engelske kongar veit ein mykje om livet hans, ettersom Asser, biskopen av Sherborne, skreiv ein biografi om han.
Alfred den store | |
![]() Statue av Alfred den store i Winchester. | |
Konge av Wessex (England) | |
Regjeringstid | 871–26. oktober 899 |
---|---|
Fødd | Ca. 849 |
Fødestad | Wantage i Oxfordshire |
Død | 26. oktober 899 |
Dødsstad | Winchester |
Gravstad | Winchester |
Føregangar | Ethelred I |
Etterfølgjar | Edvard den eldre |
Gemalinne | Ealhswith |
Gift med | Ealhswith av Mercia |
Dynasti | Huset Wessex |
Far | Ethelwulf |
Mor | Osburga |
Born | Edvard, Æthelflæd, tre eller fire barn til |
Bakgrunnsstoff Endra
Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.