Alhed Schou
Alhed Schou (7. juli 1849–1920) var ein norsk forfattar fødd i Molde.
Alhed Schou | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juli 1849 Molde kommune |
Død |
3. desember 1920 (71 år) |
Yrke | skribent |
Far | Christen Smith |
Alhed Schou, fødd Alhed Petronelle Smith, gifta seg i 1867 med distriktslegen H.M.C. Schou, og budde i Førde frå 1876 til 1892. Ho blei enkje i 1890.
Schou skreiv fleire natur- og folkelivsskildringar. Ho bidrog med tekstar i norske blad som Morgenbladet, Urd, Folkevennen og Husmoderen. Schou skreiv også fleire bidrag til engelske blad, m.a. til Girls own paper (London, 1885), til Summer Number (1890), til Tourist Weekly News (Bergen-London, august 1892), Norwegian Club Year Book (London) og Beyers Weekly News (Bergen, 1905). Ho skreiv ei rettleiing for De Sandvigske samlinger (1905) og ein større kultur- og slektshistorisk monografi over Svanøen i Søndfjord (1912).
Schou opparbeidde seg også ei samling av bondeantikvitetar som enda på Holmenkollen Turisthotell, og som brann opp saman med hotellet. Nokre av gjenstandane er att og finst på Kunstindustrimuseet i Oslo og Sunnfjord Museum.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1905 – De Sandvigske samlinger (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
- 1906 – The Sandvig collections, Maihaugen, Lillehammer (Christiania)
- 1912 – Sorenskriver Fredrik Steen in memoriam (Kristiania: Aschehoug)
- 1912 – Svanøen i Søndfjord : billeder fra gamle dage (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
I bøker - eit utval
endre- 1950 – Slekten Sverdrup : slektsoversikt, gamle brev, Alhed Schou's skildinger fra Rosøen og litt om Brodtkorb-slekten (Kristiansund: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no [Forfattar: Olaf B. Sverdrup. Medforfattar: Alhed Schou]
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Om Alhed Schou i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Materiale frå Nordisk familjebok, «Schou, Alhed», 1913.