Opna hovudmenyen

UtsjånadEndra

Alkekongen er den minste av alkefuglane, og det einaste medlemen i si fugleslekt. Han vert 19-21 cm lang med eit vengespenn på 34-38 cm. Vaksne fuglar er svarte på hovud, nakke, rygg og vengar, med kvite undersider. Stjerten er liten, avrunda og svart. Nedre delen av ansiktet og sidene på halsen vert kvite i vinterdrakta. Nebben er kort og butt. Flukta er direkte, med kjappe svirrande vengeslag på grunn av dei korte vengane.

LæteEndra

Alkekongane kjem med eit utval av kvitring og kallerop i hekkekoloniane. På sjøen er dei stille.

Utbreiing og taksonomiEndra

Fuglen hekkar i Arktis. Der er to underartar:

Førekomst i NoregEndra

Alkekongen hekkar ikkje langs fastlandet, men er ein vanleg vintergjest langs kysten i nord, meir spreidd i sør.

Hekking og levevisEndra

Alkekongane hekkar i store koloniar i fjellsider ved kysten. Paret legg 1 egg i sprekkar og under steinar. Polarmåse og polarrev er dei viktigaste fiendane, men også isbjørnen kan forsyne seg av egga i hekkekoloniane.


FødeEndra

Fuglane finn maten når dei dukkar i sjøen. Maten er hovudsakleg krepsdyr, i tillegg hoppekreps, virvellause dyr og små fisk. Ved hekkeplassane samlar fuglane seg i svermar både når dei skal ut på sjøen og når dei vender tilbake.

TrekktilhøveEndra

Mot vinteren dreg fuglane sørover og overvintrar langt nord i Atlanterhavet. Stormar kan blåse fuglane lengre mot sør enn der dei normalt overvintrar.

KjelderEndra