Alkmaar (vestfrisisk Alkmare) er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 95 000 innbyggjarar

Alkmaar
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Noord-Holland
Areal 31,22 km²
Folketal 109 896 (1. januar 2021)[1]
Kart
Alkmaar
52°37′44″N 4°44′39″E / 52.6289°N 4.74403°E / 52.6289; 4.74403
Kart som viser Alkmaar.
Kart som viser Alkmaar.
Kart som viser Alkmaar.
Wikimedia Commons: Alkmaar

Alkmaar er kjend for den tradisjonelle ostemarknaden.

Historie

endre

Alkmaar vart først nemnd på 900-talet og fekk byrettar i 1254. Dei eldste delane av Alkmaar ligg på ein gammal sandbanke som gav vern mot havet i mellomalderen. Resten av byen ligg berre nokre meter over havet og består av ein av dei eldste polderane som eksisterer.

I 1573 klarte byen å stå imot ei omleiring frå spanske styrkar leia av Fernando Álvarez de Toledo av Alba. Alkmaar var den første byen i Nederland som vart frigjeve frå den spanske okkupasjonen og dette var eit vendepunkt i åttiårskrigen. Sigeren gav opphav til uttrykket Bij Alkmaar begint de victorie («Siger byrjar i Alkmaar»). Hendinga vert framleis feira kvart år den 8. oktober i byen, dagen då omleiringa enda.

 
Slaget ved Alkmaar 1573.
 
Kanal i Alkmaar.

I 1799, under dei franske revolusjonskrigane, erobra ein engelsk-russisk styrke byen, men vart til slutt i slaget ved Castricum. Den franske sigeren vart minna på Triumfbogen i Paris som «Alcmaer».

Noordhollandsch Kanaal opna i 1824 og vart grave gjennom Alkmaar. I 1865 vart det opna jernbanesamband mellom Alkmaar og Den Helder og i 1867 mellom Alkmaar og Haarlem.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Alkmaar