Alkor og Mizar

(Omdirigert frå Alkor)

Alkor og Mizar (Zeta Ursae Majoris, Zeta UMa, ζ Ursae Majoris, ζ UMa) er to stjerner i Karlsvogna i stjernebiletet Den store bjørnen. Dei ligg tett inntil kvarandre, men eit skarpt auge kan skilje dei frå kvarandre. Arabarane nytta desse stjernene som ein prøve på godt syn.

Mizar
Mizar og Alkor i stjernebilete Den store bjørnen
Mizar og Alkor i stjernebiletet Den store bjørnen
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Den store bjørnen
Rektascensjon 13h 23m 55.5s
Deklinasjon +54° 55′ 31″
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.23
Karakteristikk
SpektralklasseA2 V/A2 V/A1 V
U−B fargeindeks0.09
B−V fargeindeks0.13
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: 121.23 mas/år
Dek.: −22.01 mas/år
Parallakse (π)39.4 ± 0.3 mas
Avstand82,8 ± 0,6 ly
(25,4 ± 0,2 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)0.33
Andre namn
Mizat, Mirza, Mitsar, Vasistha, ζ Ursae Majoris, ζ UMa, Zeta UMa, 79 Ursae Majoris, BD+55 1598A, CCDM J13240+5456AB, FK5 497, GC 18133, HD 116656, HIP 65378, HR 5054, PPM 34007, SAO 28737, WDS J13239+5456Aa,Ab.

Den tilsynelatande storleiken er 2,23 og spektralklassen er A1V. Eigarørsla til dei to stjernene indikerer at dei flyttar seg i lag og kan indikerer at dei er knytte saman av tyngdekrafta. I 2009 vart det stadfesta at Alkor er ei dobbelstjerne og består av Alkor A og Alkor B (ei raud dvergstjerne). Mizar er eit stjernesystem på fire stjerner, så heile systemet består derfor av seks stjerner.[1][2] Alkor og Mizar ligg kring 74 000 ± 39 000 astronomiske einingar eller 0,5–1,5 lysår frå kvarandre.[3] Heile seksstjernerssystemet ligg kring 83 lysår frå jorda.[4][5][6]

Namnet Alkor er arabisk og tyder «Den lille ryttaren» og kjem frå det frå det persisk khwar som tyder «den venelause». Namnet Mizar kjem òg frå arabisk og tyder «livreim» eller «belte».

Karlsvogna og ein del av handtaket fotografert frå Den internasjonale romstasjonen. Mizar og Alkor er øvst til høgre.

Det latinske ordtaket Vidit Alcor, et non lunam plenam eller «han såg Alkor, men ikkje fullmånen», blir brukt om ein som er opptatt av uviktige ting, men er blind for hovudsaka.

Kjelder endre

  1. First Known Binary Star Is Discovered to Be a Triplet, Quadruplet, Quintuplet, Sextuplet System
  2. Parallactic motion for companion discovery: an M-dwarf orbiting Alcor
  3. Discovery of a Faint Companion to Alcor Using MMT/AO 5 μm Imaging
  4. Perryman, M. A. C.; Lindegren, L.; Kovalevsky, J.; et al. (July 1997), «The Hipparkos Catalogue», Astronomy and Astrophysics 323: L49–L52, Bibcode:1997A&A...323L..49P 
  5. van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparkos reduction», Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664, Bibcode:2007A&A...474..653V, arXiv:0708.1752, doi:10.1051/0004-6361:20078357 
  6. Perryman, Michael (2010), The Making of Historie's Greatest Star Map, Heidelberg: Springer-Verlag, doi:10.1007/978-3-642-11602-5 
  • Alkor. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Alkor.

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar:   13h 23m 55.5s, +54° 55′ 31″