Harold Allan Clarke (fødd 5. april 1942) er ein pensjonert, engelsk poprocksongar, som var den opphavlege songaren i The Hollies. Han trekte seg attende frå musikkarrieren i 1999 og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.

Allan Clarke

Fødd5. april 1942 (82 år)
FødestadSalford
FødenamnHarold Allan Clarke
OpphavSalford i Lancashire i England
Aktiv1958–1999, 2011
SjangerRock, softrock
InstrumentVokal, gitar, munnspel
Tilknytte artistarThe Hollies
Verka somMusikar

Career endre

Harold Allan Clarke og barndomsvenen Graham Nash byrja å syngje i lag i Manchester, medan dei framleis gjekk på skulen. Dei skipa The Hollies i desember 1962 med Vic Steele (sologitar) og Eric Haydock (bassgitar). I april 1963 fekk dei med seg Tony Hicks (erstatta Steele på sologitar) og Bobby Elliott (som ertatta Don Rathbone på trommer). I 1966 erstatta Bernie Calvert Haydock som bassgitarist. Clarke var den opphavlege songaren i The Hollies, men spelte òg stundom gitar og munnspel. I Storbritannia fekk dei 30 singlar inn på listene, 17 av dei på Topp 10 og to av dei, «I'm Alive» (1965) og «He Ain't Heavy, He's My Brother» (nyutgjevinga i 1988) nådde toppen av lista.[1]

I USA fekk dei 23 singlar inn på listene og seks av dei nådde Topp 10. Mange av songane til gruppa vart skriven av Clarke, vanlegvis i lag med Nash og Hicks, før Nash slutta i bandet seint i 1968. Dei brukte først pseudonymet «L. Ransford» som låtskrivar, og sidan 'Clarke-Nash-Hicks'. I 1966 spelte Clarke, og fleire av kollegaene hans i The Hollies, på The Everly Brothers-albumet Two Yanks in England, der Everly hovudsakleg spelte Hollies-songar som Clarke var med å skrive.

Etter 1967 byrja Clarke å skrive songar aleine, framleis tilskriven dei tre faste låtskrivarane. Mellom desse var «Lullaby To Tim» (for sonen hans, men sungen av Nash), «Heading for a Fall», «Water on the Brain» og «Would You Believe?». Clarke tok meir frontmann-rolla i bandet då Graham Nash slutta i desember 1968. Clarke var den einaste solosongaren på Hollies Sing Dylan (1969).[1]

Då Clarke såg suksessen Nash hadde hatt med CSN, forlet han uventa gruppa i 1971 for å satse på si eiga solokarriere. Han vart erstatta av den svenske songaren Mikael Rickfors. Clarke gav ut to soloalbum, My Real Name Is 'Arold (Epic, 1972) og Headroom (EMI, 1973).

Etter Clarke forlet The Hollies vart «Long Cool Woman in a Black Dress», ein song frå albumet deira Distant Light som han hadde vore med å skrive i lag med Roger Cook og Roger Greenaway, ein stor internasjonal hit som nådde andreplassen i USA. Rickfors måtte så forlate gruppa og Clarke kom attende til dei i juli 1973. Den første singelene etter han kom attende var «The Day that Curly Billy Shot Down Crazy Sam McGee», som vart ein hit i Storbritannia den hausten.[1]

Clarkee fortsette å spele inn og gje ut soloalbum medan han var i The Hollies, men han fekk aldri den same suksessen som han gjorde med bandet. I 1974 gav han ut eit album kalla opp etter seg sjølv og det neste albumet hans var I've Got Time (1976). Han song òg gjestevokal på albumet I Robot av The Alan Parsons Project (mellom anna «Breakdown») i 1977. Han slutta i The Hollies ei kort stund for andre gongen i mars 1978 og laga I Wasn't Born Yesterday (1978), eit album med hovudsakleg originale songar skrivne av songaren og låtskrivaren Gary Benson. Han fekk då ein amerikansk hitsingel med «(I Will Be Your) Shadow in the Street». Han kom attende til gruppa i august. Dei neste soloalbuma hans var Legendary Heroes (1979), med stort sett originale songar, der den britiske tittelen og rekkefølgja på albumet vart endra til The Only One då det kom ut i 1980. Det siste soloalbumet hans var Reasons to Believe (1990) som berre kom ut i Tyskland.

I 1993 song Clarke med The Hollies og Graham Nash harmoni- og korvokal til ein ny versjon av «Peggy Sue Got Married,» med solovokal av Buddy Holly. Denne vart tilskriven 'Buddy Holly and The Hollies'. Songen kom ut på hyllestalbumet Not Fade Away. Dette året gjorde Clarke den siste innspelinga si med The Hollies, «The Woman I Love», som nådde 42. plassen på singellista i Storbritannia.[1]

På grunn av medisinske problem med stemmebanda sine, trekte Clarke seg attende frå musikkindustrien i 1999 og vart i bandet erstatta av Carl Wayne, tidlegare frontmann i The Move. Wayne døyddde i 2004. The Hollies er framleis aktive i dag med Peter Howarth som vokalisten sin.

Den 15. mars 2010 vart Clarke og Hollies-medlemmane Graham Nash, Tony Hicks, Eric Haydock, Bobby Elliott, Terry Sylvester og Bernie Calvert, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2] I 2011 gjorde Clarke ei overraskande framføring på ein Crosby & Nash-konsert i Royal Albert Hall der dei to tidlegare Hollies-medlemmane spelte «Bus Stop».

Diskografi endre

Soloalbum endre

  • My Real Name Is 'arold (1972)
  • Headroom (1973)
  • Allan Clarke (1974)
  • I've Got Time (1976)
  • I Wasn't Born Yesterday (1978)
  • The Only One (1980)
  • Legendary Heroes (1980)
  • Reasons To Believe (1990)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 255. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. «The Hollies». Rock and Roll Hall of Fame. 2010. Henta 13. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre