Allan Hills er ei åsgruppe, hovudsakleg isfri og kring 12 nautiske mil lang og som ligg like nordvest for Coombs Hills nær toppen av Mawsonbreen og Mackaybreen i Oates Land og Victoria Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av gruppa frå New Zealand (1957–58) under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition og kalla opp etter professor R.S. Allan frå University of CanterburyNew Zealand.[1]

Allan Hills
ås
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land og Oates Land
 - koordinatar 76°43′S 159°40′E
Administrert under Antarktistraktaten
Allan Hills is located in Antarktis
Allan Hills (Antarktis)

Det er oppdaga fleire meteorittar i desse åsane, som ligg i enden av Dei transantarktiske fjella. Av dei vert meteoritten Allan Hills 84001 sagt å vere frå Mars. Det er vorte hevda at meteoritten inneheld bevis for liv på Mars i form av mikroorganismar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Allan Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).