Allar Levandi
Allar Levandi (fødd 28. desember 1965) er ein tidlegare estisk kombinertløpar som fyrst representerte Sovjetunionen og seinare Estland. Han oppnådde dei fremste resultata sine på slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra, medan han framleis representerte Sovjetunionen.
Allar Levandi | |
| |
Statsborgarskap | Estland, Sovjetunionen |
Fødd | 28. desember 1965 (58 år) Tallinn |
Idrett | kombinert, skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Nordic combined at the 1988 Winter Olympics – individual |
Utmerkingar | Estonian Athlete of the Year, 3. klasse av Estlands Røde Kors' orden |
Han deltok tre gonger i OL, i 1988 for Sovjetunionen, og deretter for Estland i 1992 og 1994. Under OL i 1988 i Calgary tok han bronse individuelt, og dette var høgdepunktet i karrieren hans.
Året før hadde han saman med Sergej Tsjervjakov og Andrej Dundukov teke bronse i lagkonkurransen for Sovjetunionen under VM i 1987 i Oberstdorf. Han gjekk for det estiske laget som enda på fjerdeplass under OL på Lillehammer i 1994.
I verdscupen vart Levandi nummer to samanlagt i sesongen 1989/90.
Allar Levandi er gift med den tidlegare sovjetiske kunstløparen Anna Kondrasjova.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Allar Levandi – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Allar Levandi – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Allar Levandi» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.