Alkekonge

fugleart
(Omdirigert frå Alle alle)
Alkekonge
Alkekonge
Alkekonge
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Alkekonge
Utbreiinga av Alkekonge
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Alle
Art: Alkekonge A. alle
Vitskapleg namn
Alle alle

Alkekonge er ein fugleart i alkefamilien.

Skildring endre

Alkekongen er den minste av alkefuglane, og det einaste medlemen i si fugleslekt. Han vert 19-21 cm lang med eit vengespenn på 34-38 cm. Vaksne fuglar er svarte på hovud, nakke, rygg og vengar, med kvite undersider. Stjerten er liten, avrunda og svart. Nedre delen av ansiktet og sidene på halsen vert kvite i vinterdrakta. Nebben er kort og butt. Flukta er direkte, med kjappe svirrande vengeslag på grunn av dei korte vengane.

Læte

Alkekongane kjem med eit utval av kvitring og kallerop i hekkekoloniane. På sjøen er dei stille.

Utbreiing og taksonomi

Fuglen hekkar i Arktis.[2] Der er to underartar:

Førekomst i Noreg

Alkekongen hekkar ikkje langs fastlandet, men er ein vanleg vintergjest langs kysten i nord, meir spreidd i sør.

Hekking og levevis
 
Alkekonge-egg
Symhande alkekonge

Alkekongane hekkar i store koloniar i fjellsider ved kysten. Paret legg 1 egg i sprekkar og under steinar. Polarmåse og polarrev er dei viktigaste fiendane, men også isbjørnen kan forsyne seg av egga i hekkekoloniane.

Føde

Fuglane finn maten når dei dukkar i sjøen. Maten er hovudsakleg krepsdyr, i tillegg hoppekreps, virvellause dyr og små fisk. Ved hekkeplassane samlar fuglane seg i svermar både når dei skal ut på sjøen og når dei vender tilbake.

Trekktilhøve

Mot vinteren dreg fuglane sørover og overvintrar langt nord i Atlanterhavet. Stormar kan blåse fuglane lengre mot sør enn der dei normalt overvintrar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av alkekonge Alle alle for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.