Kirgislauk

(Omdirigert frå Allium aflatunense)
Kirgislauk
Kirgislauk
Kirgislauk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Amaryllisfamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Kirgislauk A. aflatunense
Vitskapleg namn
Allium aflatunense

Kirgislauk (Allium aflatunense) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i Sentral-Asia. Arten er ei vanleg hageplante.[1]

SkildringEndra

Kirgislauk er ei 80-90 cm høg fleirårig laukplante med basale, smale løkkeforma blad, og hole, blomsterstandstenglar med svake ribber.[1] Blomsterhovuda er tette, kuleforma skjermar, om lag 10 cm i diameter, danna av mange stjerneforma purpurlilla blomstrar.[1] Blomstringa er i mai og juni, medan frøa mognar i august. Ho blir vanlegvis seld som lauk.

A. aflatunense er ofte forveksla med Allium hollandicum.[2]

DyrkingEndra

Kirgislauk er generelt ei hardfør plante (USDA-sone 4–8). Planta er eigna som skorne blomstrar. Ho trivst best i alkalisk jord, men ho kan òg klare seg i dårleg jord. Likeeins kan ho klare seg i delvis skugge, men trivst best i fullt solljos.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Brickell, Christopher (Editor-in-chief),The Royal Horticultural Society A-Z Encyclopedia of Garden Plants, p95, Dorling Kindersley, London, 1996, ISBN 0-7513-0303-8
  2. RHS Plant Finder 2009–2010, s. 68, Dorling Kindersley, London, 2009, ISBN 978-1-4053-4176-9

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Allium aflatunense

LitteraturEndra

  • Hessayon, D.G. The Bulb Expert. Transworld Publishers Ltd. London, 1999.
  • Rosella Rossi. 1990. Guía de Bulbos. Grijalbo. Barcelona
  • Phillips, R. & Rix, M. 1989. Bulbs. Pan Books Ltd.
  • Taylor, P. 1996. Gardening with Bulbs. Pavillion Books Ltd., London.
  • Hartmann, H. & Kester, D. 1987. Propagación de plantas, principios y prácticas. Compañía Editorial Continental S.A., México. ISBN 968-26-0789-2