Vill-lauk

planteart
(Omdirigert frå Allium oleraceum)
Vill-lauk
Vill-lauk
Vill-lauk
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Vill-lauk A. oleraceum
Vitskapleg namn
Allium oleraceum

Vill-lauk eller villauk (Allium oleraceum) er ei fleirårig laukplante i laukslekta i påskeliljefamilien med opprette skot og kvite, grønlege eller raude blomstrar. Planta er knytt til kalkrik jord på beitemark eller i skog og kratt.

Blomestand

Skildring endre

Vill-lauk er ei fleirårig, urteaktig plante med ein opprett vekst og eit underjordisk opplagringsorgan, som består av næringsfylte blad, ein lauk. Stengelen er rund, og tilsynelatande er bladbærande. Dei grunnstilte blada dannar nemleg så lange bladhylstre, at det kan sjå ut som om bladplata spring ut frå stengelen. Blada er halvrunde i tverrsnitt, men flate mot spissen. Dei er linjeforma og heilranda med tydelege ribber på undersida. Begge bladsidene er grågrøne og oftast dekt av ei tynn hinne. Blada visner tidleg bort og blir papiraktige. Blomstringa skjer i juli-august. Blomstrane er samla i hovudaktige, endestilte blomsterstandar. Standane er omgitt av to høgblad, og dei består forutan av blomstrar òg av eit større eller mindre tal ynglelaukar. Dei einskilte blomstrane er opprette og seinare nikkande, regelmessige og 3-talige med grønlege, kvite eller raude kronblad. Fruktene er kapslar med nokre få frø. Den underjordiske lauken er danna av ein skiveforma stengel og tett pakka, tjukke og næringsrike blad. Under sjølve lauken er det talrike, grove trevlerøter.

Vill-lauk eller villauk er utbreidd i Kaukasus og det meste av Europa. Arten er knytt til lysopne eller lett skygga voksestader på kalkrik, men næringsfattig, veldrenert jord. Derfor finst den ofte på beitemark og i skog og kratt.

I Noreg er arten heimleg og trivst best på baserik grunn. Han er mest vanleg på Austlandet, men veks òg i låglandet og dalføra nordover til Troms. I Valdres går han opp til 880 meter.[1] I Raudlista 2021 er han rekna til å vere livskraftig (LC).[2]

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 214. 
  2. «Artsdatabanken: Vill-lauk». Artsdatabanken. 6. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vill-lauk
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Allium oleraceum