Ramslauk

planteart
(Omdirigert frå Allium ursinum)
Ramslauk
Ramslauk
Ramslauk
Status
Status i Noreg: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Ramslauk A. ursinum
Vitskapleg namn
Allium ursinum

Ramslauk (Allium ursinum) eller bjørnelauk er ein plante i laukslekta i påskeliljefamilien som veks vilt i Noreg. Han veks helst i skuggefull lauvskog langs kysten. For å få nytte ut lyset i skogbotnen startar veksten tidleg om våren. Plantane visnar gjerne tidleg då det om sommaren vert lite lys i skogen.

Blomane er samla i ein stor rund skjerm på toppen av stengelen. Dei er kvite med seks spisse kronblad. Lauken er samansett av berre to blad. Dei held fram å vekse over jorda. Dei får lang stilk. Blada har sterkare grønfarge enn andre laukplanter. Den runde frukta har seks frø.

Tradisjonelt har ramslauken vorte lite brukt. I seinare tid vert han, tilliks med andre laukplanter, brukt til å setje smak på matrettar.

Ramslauken har gitt namn til mange lokale stader. Planten har vore godt kjend fordi han set smak på mjølka når dyr, kyr og geiter, et han under beiting. Det kan føre til av mjølka må kasserast.

Ein kjenner til at ramslauk har vorte brukt mot innvolsorm hjå folk og dyr.

Ramslauk er ein heimleg plante som er ganske vanleg i kyst- og fjordstrøk frå Østfold til Møre, med nokre spreidde funn i Trøndelag.[1][2] Arten vart i 2021 teken inn på Raudlista som nær truga (NT).[3]

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 217. 
  2. «Artsdatabanken: Ramslauk». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. «Norsk rødliste for arter 2021: Ramsløk». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 6. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ramslauk