Alsensjön
Alsensjön er ein lang og smal innsjø i Alsen sokn i Krokom kommun i Jämtland i Sverige. Innsjøen blir drenert via elva Ytterån, som ligg ved tettstaden med same namn, og til Storsjön. Alsensjön får vasstilførsel via Åringsån i vest og frå Näldsjön via Faxån ved Nälden til bukta Själdret aust i Alsensjön.
Alsensjön | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Bottenhavets vattendistrikt | ||
Alsensjön 63°21′32″N 14°02′27″E / 63.358888888889°N 14.040833333333°E |
Ved innsjøen ligg sentrumet til soknet, Alsen, (jemtsk: Ärs`n). Mot slutten av 1800-talet var det dampbåtar i trafikk på Alsensjön. Nokon av dampbåtane var Alsen I, Alsen II, Fortune, Frej og Ytterån. Dampbåttrafikken pågjekk fram til 1949, og omfatta både persontrafikk og tømmerleveransar. Båtane gjekk ut frå Ytterån, og tente fast Valne, Röde, Mo, Vika, Åberg, Vången, Ede og Hov.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alsensjön» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2012.