Altaskifer

Altaskifer er ein kvartsittskifer som blir utvunnen i nærleiken av Alta. Han er grå av farge og blir nesten svart ved polering. Skiferen er ekstremt hard og er mykje brukt til tak og golv.

Det 26 meter høge frittståande klokkestopulen til Tana kyrkje venstre er tekka med altaskifer.

SkiferdriftEndra

Utvinning av skifer går føre seg som dagbrot i fire ulike steinbrot. I Altadalen starta skiferutvinninga i Peska i 1905, Detsika i 1906 og Langvannet i 1920. I Tverrelvdalen starta utvinninga i Stilla i 1928.

Skiferen vert bearbeidd ved brota og ved skiferkaia i Bossekop. Skiferen kan klippast, sagast og slipast.

A-l Alta Skiferbrot eksporterer skifer til kontinentet, og lokalt i Alta er skifer mykje brukt som takstein og heller på golv og inngangsparti.

GeologiEndra

Altaskiferen vart danna i proterozoikum-æraen, og er ein frå 10 til 20 mm tjukk, finkorna, tett og svært sterk kvartsskifer. Tjukkleiken av utvinnbar skifer varierer frå eit 40 til eit 100 meters tjukt belte.

Geotektonisk tilhøyrer skiferen Nalganasdekket i Kalakdekkekomplekset.

KjelderEndra