Altocumulus lenticularis

Altocumulus lenticularis eller berre lenticularis er stasjonære linseforma skyer som blir danna i midlare høgder, vanlegvis rettvinkla på vindretninga. På norsk vert dei derfor òg kalla linseskyer. Skyene er ein variant av altocumulus.

Lenticularis

Når stabil luft strøymer over eit fjellrekkje, kan fleire storskala ståande bølgjer oppstå på lesida av fjellet. Dette er ikkje alltid synleg, men visst lufta er fuktig nok kan skyer oppstå på bølgjetoppane av desse ståande fjellbølgjene. Fordi fjellrekkjene vanlegvis har ei uregelmessig form, og fordi vinden kan variere i forskjellige nivå, vil det ofte vere forskjellig avstand (bølgjelengde) mellom bølgjetoppane, og skyene oppstår i eit uregelmessig mønster. I visse tilfelle kan det derimot oppstå ei samanhengande rekkje med lenticularis kjend som bølgjeskyer. Av og til er det fuktige og tørrare lag om ein annan i lufta over fjellet, og skyene kan oppstå i fleire lag oppå kvarandre (sjå bilete øvst til høgre). Desse lagdelte skyene har innimellom blitt feilaktig tatt for å vere UFOar. Skyene kan oppstå over dei fleste fjell rundt om i verda, men dei mest dramatiske skyene blir danna over dei store fjellkjedene som Himalaya, Andesfjella og Rocky Mountains. Det må forholdsvis kraftig vind til å for å skape desse skyene, og derfor er skyene òg assosiert med kraftig vind på bakkenivå.

Fly prøver å unngå desse skyene pga av farlege turbulente rotorsystem i nærleiken av desse skyene, men for seglfly kan desse gje optimale forhold. Dette kjem av at det i samband med ståande bølgjer oppstår store vertikale luftrørsler, og å finne området der den stigande rørsla startar er forholdsvis enkelt i forhold til skya. Denne typen «bølgjeløft» er veldig jamn og kraftig, og seglflya kan nå opp til store høgder og nå lange avstandar. Verdsrekordane for både distanse (over 3000 km) og høgde (14 938 m) blei sett under slike forhold.

Sjå òg endre