al-Am'ari flyktningleir (arabisk مخيّم الأمعري) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 2 kilometer sør for Ramallah sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde leiren eit folketal på 5 719 innbyggjarar i 2006.[1] al-Am'ari-leieren har 10 377 registrerte flyktningar.[2] Leiren vart grunnlagd i 1949 på 90 mål innan kommunegrensa til al-Bireh. I 1957 var alle telta i leiren erstatta av skur av sememntblokker. Som det meste av leiarane på Vestbreidda, lid Amari av overfolking og dårlege sanitære forhold. Leiren vert styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta.[2] Flyktningleiren har to skular, ein for gutar med 1250 elevar, og ein for jenter med 970 elevar.[2]

al-Am'ari flyktningleir
مخيّم الأمعري
flyktningleir
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′38.60″N 35°12′41.52″E / 31.8940556°N 35.2115333°E / 31.8940556; 35.2115333
Areal 0,09 km²
Folketal 5 719  (2006)
Folketettleik 63 544 / km²
Kart
Am'ari
31°53′39″N 35°12′42″E / 31.894055555556°N 35.211533333333°E / 31.894055555556; 35.211533333333
Wikimedia Commons: Am'ari Camp

Fotballaget til leiren har vunne den palestinske fotballmeisterskapen fleire gonger og har representert Palestina både regional og internasjonalt.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre