Amalienborg

(Omdirigert frå Amalienborgslotta)

DK 55°41′2.8212″N 12°35′36.629″E / 55.684117000°N 12.59350806°E / 55.684117000; 12.59350806

Amalienborg

Offisielt namnAmalienborg Slot
KallenamnAmalienborg
StadKøbenhavn i Danmark
ArkitektNicolai Eigtved
Laurids de Thurah
Christian Joseph Zuber
Philip de Lange
Endringar ved mellom anna
C.F. Harsdorff
Påbegynt1750
Opna1760
GrunnflateSamla areal ca. 26 500 m²
Stilrokokko
Kart
Amalienborg
55°41′03″N 12°35′36″E / 55.684027777778°N 12.593333333333°E / 55.684027777778; 12.593333333333

Amalienborg er eit slottsanlegg i Frederiksstaden i København og hovudresidens for den danske monarken. Anlegget inneheld fire bortimot like palé rundt ein åttekanta plass. Midt på plassen står J.F.J. Saly sin ryttarstatue av Fredrik V.

Slottsanlegget er eit hovudverk i dansk byggekunst og sannsynlegvis det finaste stykke rokokkoarkitektur i Danmark.[1] [2]

Bygningane vart reiste i åra 1750–1768 etter teikningar av Nicolai Eigtved, Laurids de Thurah, Christian Joseph Zuber og Philip de Lange. Det har namn etter dronning Sophie Amalie, som først oppførte lystslottet Sophie Amalienborg her i 1660-åra.

Amalienborg er freda.[3]

Referansar

endre
  1. Om Amalienborg frå Dansk Arkitektur Center
  2. Velkommen til Amalienborg frå Slots- og Ejendomsstyrelsen
  3. Fredningssag:Amalienborg frå Kulturstyrelsen

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amalienborg