Ei amboltsky er høge cirrusskyer i toppen av ei cumulonimbussky.

Ei cumulonimbussky med ein tydleg ambolt som vert dratt til høgre i bilete. Toppen av denne skya viser tropopausen, toppen av troposfæren.
Cumulonimbus over Danmark med tydleg amboltform

I ei cumulonimbussky er det særs kraftige oppoverretta luftstraumar. Etter kvart som lufta stig vert ho avkjølt og kondenserer slik at det vert danna skyer. Cumulonimbusskya veks til ho når toppen av tropopausen, som markerer eit skilje i atmosfæren der lufta i stratosfæren over dette nivået brått vert langt meir stabil. Den stigande lufta trenger derfor ikkje i særleg grad gjennom tropopausen og vert i staden pressa ut horisontalt som stigande røyk som treffer eit tak. Denne horisontale vinden i toppen av ei cumulonimbussky dreg med seg cirrusskyene i toppen utover, og sett frå avstand får heila skya form som ein ambolt.

Amboltskyer er teikn på ei fullt utvikla cumulonimbussky som ofte fører med seg torevêr eller kraftige regn- og haglbyger. Om det fell nedbør frå sjølve amboltskya kan ein stundom få danna mammatus- aller mammaskyer.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amboltsky