Amedeo Carboni

italiensk fotballspelar

Amedeo Carboni (fødd 6. april 1965) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Arezzo. Han var etter tur venstreback på Sampdoria, AS Roma og Valencia CF.

Amedeo Carboni


Statsborgarskap Italia
Fødd 6. april 1965 (59 år)
Arezzo
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 1996

Klubbspel endre

Carboni fekk sitt gjennombrot med Sampdoria, ein klubb han spelte for 1988-90. Her var han med å vinne den italienske cupfinalen 1989 og den europeiske Cupvinnarcupen 1990. Sommaren 1990 vart han overført til AS Roma, der han våren 1991 på ny spelte finale i UEFA-cupen, ein kamp Roma tapte mot FC Inter. Nokre veker seinare vann han derimot den italienske cupfinalen for andre gong. Etter sju sesongar i Roma skreiv Carboni kontrakt med spanske Valencia CF. Han spelte for den spanske klubben i ni år og sanka sølvty ved fleire høve. I 1999 vart han spansk cupmeister, to år seinare tapte laget meisterligafinalen mot Bayern München. Både i 2002 og 2004 bidrog han til at Valencia gjekk til topps i den spanske ligaen. I 2004 vann han også ein sigerspokal i UEFA-cupen, 14 år etter triumfen i Cupvinnarcupen. 40 år gammal hamna han på reservebenken og la opp.

Landslagsspel endre

Carboni deltok i 18 landskampar for Italia i tida 1992-97, utan å kome på skåringslista. Hans einaste store turnering vart europameisterskapen 1996.

Kjelder endre