Amherst College er eit amerikansk universitet i Amherst i staten Massachusetts. Det vart grunnlagt i 1821 og er eit av dei leiande lærestadane i delstaten. Det har USD 34 916 i skulepengar årleg (2006), meir enn ved Harvard University, og høgaste gradsnivå er bachelor.

Amherst College


Grunnlagt1821
TypeUniversitet
StadAmherst
Studentar1 855 (oktober 2018), 1 745 (15. oktober 2020), 1 971 (1. september 2021)
Tilsette443
MedlemskapDigital Library Federation, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.amherst.edu/ (engelsk)

Fagkrinsen omfattar humaniora, språk, samfunnsvitskap, klassisk naturvitskap og jus.

Amherst er rekna som eit av dei beste universiteta i USA, og vart i 2011 rangert som nummer to blant Liberal Arts Colleges av US News[1] og som nummer tre blant alle amerikanske universitet i 2010 av Forbes[2], føre mellom andre Harvard, Yale, Stanford og MIT.

Kjelder endre

  1. «US News National Liberals Arts Colleges» (på engelsk). US News and World Report. 2011. Henta 2. april 2013. 
  2. «America's Best Colleges 2010 - Forbes» (på engelsk). Forbes. 8. november 2010. Henta 2. april 2013. 

Bakgrunnsstoff endre