Amiktisk
Amiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar som aldri har sirkulasjon i vassmassane sine. Slike innsjøar har permanent isdekke som hindrar vinden i å blande vassmassane.
Dei er særleg kjende frå Antarktis, men ein finn dei òg på Grønland og Ellesmere Island, og i høgfjellsstrøk på høgare breiddegrader.
Døme endre
- Lake Vanda i Aust-Antarktis[1]
- Lake Bonney i Victoria Land
Kjelder endre
- «Amiktisk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Fotnotar
- ↑ Jacob Kalff (2002). «Chapter 11: Temperature Cycles, Lake Stratification, and Heat Budgets». Limnology: inland water ecosystems. Prentice Hall. s. 154–178. ISBN 978-0-13-033775-7.