Amorittar (sumerisk 𒈥𒌅 MAR.TU, akkadisk Tidnum eller Amurrūm, egyptisk Amar, hebraisk ʼĔmōrī אמורי) var eit folkeslag som talte eit semittisk språk og som budde i Syria i oldtida og i store delar av Mesopotamia frå omkring 2000-talet f.Kr. I sumeriske og akkadiske tekstar vart det vist til kongedømet Amurru når det var tale om dei, såvel som om hovudguden deira, Amurru. Språket deira, amorittisk, vert rekna innanfor dei nordvestsemittiske språka. Amorittane vert òg nemnde i Bibelen som eit folk som levde i Kanaan før israelittane kom dit.

Opphav endre

I dei tidlegaste sumeriske kjeldene frå rundt 2400 f.Kr. er landet til amorittane, «Mar.tu-landet», ikkje assosiert med Mesopotamia, men med landområda like vest, det som i dag er Syria og Kanaan. Dei synest å ha fungert som eit nomadisk folk i dei mesopotamiske kjeldene, og dei er særleg knytte til fjellregionane i Jebel Bishri i Syria, som er kalla «Amorittfjella». Det etniske omgrepet Amurru og Amar vart nytta om dei, høvesvis hos det akkadiske riket, Assyria og Egypt. Frå 2000-talet f.Kr. og truleg utløyst av tørken på 2100-talet, kom ei storstilt innvandring av amorittiske stammer til Mesopotamia. Dei vart ein av grunnane til nedgangen for det sumeriske tredje dynastiet i Ur, og førte til ei rekkje mektige kongedøme, mellom anna grunnlegginga av Babylon som ein stat og nådde høgdepunktet sitt med Hammurabi.

Kjende amorittar, hovudsakleg dei i Mari, skreiv i ein dialekt av akkadisk funnen på leirtavler i Mari som er datert til 1800-1750 f.Kr. Sidan språket viser mange nordvestleg semittiske former og konstruksjonar, er amorittisk språk trudd å ha vore ein nordvestleg semittisk dialekt. Hovudkjelda til den særs avgrensa kunnskapen til språket er namn som ikkje er akkadisk i stilen som er bevart i desse tekstane.

Kjelder endre