Anaheim er ein by i delstaten California i USA. Byen ligg 25 km aust for Long Beach, og er ein del av storbyområdet Los Angeles–Long Beach-Santa Ana med om lag 12,8 mill. innbyggjarar i 2010.

Anaheim
Anaheim i 1922
Land  USA
Fylke Orange County
Areal 130,7 km²
Folketal 342 410
Tidssone PST (UTC−8)
Kart
Anaheim
33°50′10″ N 117°53′23″ W
Wikimedia Commons: Anaheim

Anaheim vart grunnlagd i 1857 av tyske vinbønder frå Bayern, og fekk bystatus i 1870. Namnet er sett saman av «Ana» frå Santa Ana River og tyske «heim», som tyder 'heim'.[1] I 1924 var byen forsøkt kuppa politisk av Ku-Klux-Klan, men i eit omval stemte 95 % KKK-medlemmane ut av byrådet.

Disneyland ligg i Anaheim.

Disneyland - som er den største arbeidsplassen i byen med om lag 23 000 tilsette - vart grunnlagd i 1955, og dette saman med industriell satsing innan elektronikk, landbruksmaskiner og flydelar endra Anaheim frå eit ruralt område med kring 15 000 innbyggjarar i 1950 til eit urbant senter med meir enn 105 000 innbyggjarar i 1960. Her ligg også Anaheim Stadium, Anaheim Convention Center og Honda Center som er heimebanen til Anaheim Ducks - eit ishockeylag i NHL som vann Stanley Cup i 2007. Espen «Shampo» Knutsen spelte for The Mighty Ducks i 1998.

Anaheim er også kjend som heimbyen til golfspelaren Tiger Woods og Rudolph Boysen som utvikla boysenbær, ei krysning av bringebær, bjørnebær og loganbær.

Kjelder endre

  1. Gudde, Erwin; William Bright (2004). California Place Names (Fourth utg.). University of California Press. s. 12. ISBN 0-520-24217-3. . Henta frå Engelsk Wikipedia.

«Anaheim» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.