Anbjørn Ekeland

norsk fotballspelar

Anbjørn Ekeland (fødd 8. august 1947) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Stavanger. Han var sideback i Viking Fotballklubb sitt mannskap som vann seriemeisterskapen fire sesongar i rad: 1972-75.

Anbjørn Ekeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1947 (76 år)
Stavanger
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Ekeland var medlem i Viking FK frå unge år. Gjennom ti sesongar frå 1966 til 1975 var han mykje godt fast høgreback i laget. Viking rykte opp frå 2. divisjon i 1967 og var frå 1971 til 75 i den absolutte toppen i norsk seriefotball. Etter tredjeplass i 1971-sesongen, vann Viking seriemeisterskapen i 1972, 1973, 1974 og 1975. Ekeland deltok då Viking tapte mot Skeid i NM-finalen 1974 med 1–3.

Landslagsspel endre

I august-september 1971 spelte Ekeland 3 landskampar.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1972, 1973, 1974 og 1975 for Viking FK
  • Tapande cupfinalist: 1974 med Viking FK

Kjelder endre