Andøybrua
Andøybrua er ei spennbetongbru (bogebru) som ligg i Andøy kommune og går over Risøysundet mellom Risøyhamn på Andøya og Hinnøya. Ho er del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 750 meter, seglingshøgd på 30 meter og eit hovudspenn på 110 meter. Brua har 21 spenn.
![]() | |
Type | vegbru |
---|---|
Stad | Hinnøya–Andøya ved Risøyhamn |
Opna | 5. september 1974 |
Strekning | Fylkesveg 82 |
Lengd | 750 meter |
Fri høgd | 30 m |
Største spenn | 110 m |
Kryssar | Risøysundet |
Materiale | spennarmert betong |
![]() Andøybrua |
Andøybrua vart opna 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.
Andøybrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.
Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.
GalleriEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen byggjer på «Andøybrua» henta frå Wikipedia på bokmål 6. mars 2008. Bokmålsartikkelen gjev denne kjelda: