Anders Hammerseth

Norsk bonde og politikar

Anders Ananias Andersson Hammerseth (8. mai 189714. april 1988) var ein gardbrukar og politikar frå Askrova i Sunnfjord. Han var ordførar i Kinn herad i fleire periodar og stortingsrepresentant 1937-45 for partiet Høgre.

Dei fyrste ungdomsåra arbeidde Hammerseth på farsgarden og han deltok i sildefiske. I 1918 tok han eksamen ved 4. divisjons underoffisersskule og var dei neste åra fastlønna sersjant i distriktsteneste. Perioden 1919-22 var han lensmannsbetjent i Sund og Austevoll. År 1922 flytta han han til Askrova og tok over farsgarden Hammerset. Dei neste ti åra dreiv han også vintersildfiske på strekninga Stad-Skudenes. Jamsides gardsdrifta pleia han si militære karriere, utnemnd til fenrik i 1930 og løytnant i 1936. Frå 1932 var han i sildesesongen styrar av Stor- og Vårsildlaget sitt kontor i Florø.

Gjennom 1920- og 1930-åra hadde Hammerseth mange ulike kommunale verv i Kinn. Såleis var han medlem i heradsstyret frå 1922, ordførar 1925-28. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann for Høgre og Sogn og Fjordane, på Tinget var han sekretær i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen. Han var elles medlem i salsstyret i Noregs Sildesalslag og frå 1931 formann i Sunnfjord Skyttarsamlag. Etter krav frå okkupasjonsmakta vart han i 1941 fjerna frå alle dei offentelge verva han då hadde.

I august 1943 vart Hammerseth arrestert av nazi-styret. Sidan sat han og andre norske offiserar i tysk fangenskap til Tyskland kapitulerte i 1945. Fyrste tida sat dei i ein eigen leir i Grune, deretter over eitt år i Schildberg, og siste månadene i Luckenwalde. Same sommaren 1945 vart han innsett att i alle sine offentlege stillingar i heimlandet, vart òg utpeikt til formann i fylkesrådet for Heimevernet.

Hammerseth vart i 1957 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

KjelderEndra