Anders Stølen

norsk slektshistoriegranskar, historikar og skuledirektør

Anders Stølen (fødd 23. mars 1911 i Kvinnherad, daud 1998 i Molde) var ein norsk slektshistoriegranskar, historikar og skoledirektør.

Anders Stølen
Fødd 23. mars 1911
Kvinnherad
Død

1998
Molde

Yrke historikar

Anders Stølen var son av småbrukar Lars Stølen (1881-1948) og Magnhild Hjortås (f. 1882). Han gifta seg i 1950 med Sigrid Ølfarnes (f. 1923).

Utdanning og arbeidEndra

  • Stord lærarskule, 1935
  • Lærar i Kvinnherad, 1938
  • Bestyrar ved Skånevik realskole, 1945
  • Lærar i Bergen, 1949
  • Skoleinspektør i Notodden, 1956
  • Kons. Forskningsrådet, 1961
  • Skoledirektør i Møre og Romsdal, 1962 - 1980

AnnaEndra

Stølen var formann i Buskerud, Telemark og Vestfold skolelederlag, 1960-1961

 
Astrid og Lars Ekeland kjørte flyttelasset. Flyttelasset ble kjørt til Notodden med en Ford Thames. Bildet er tatt ved Dyrskar – Røldal.[1]

SkoledirektørEndra

Anders Stølen vart konstituert som skoledirektør frå 01.01.62, utnemnd frå 01.06.1964. Etter nådd aldersgrense fekk han avskil frå embetet frå 01.12.1980. Han utarbeida midt på 1970-talet ei 20-årsmelding som femna om perioden frå skoledirektørembetet vart etablert i Møre og Romsdal i 1953. Då Anders Stølen starta som skoledirektør i 1962, blei embetet, i samsvar med stortingsvedtaket ved skipinga av embetet, flytta til Molde og fekk adresse Storgata 15.

På slutten av 60- og på 70-talet blei følgjande større utgreiingar og innstillingar utarbeidde ved skoledirektørkontoret.

Regionalt samarbeidEndra

Før 1. juli 1971 da Lov om grunnskolen blei gjennomført, hadde skoledirektøren etter lova rett til å møte på fylkestinget og seie si meining om skolesaker som var føre der. Frå nemnde dato fall dette bort, m.a. på grunn av at fylket ikkje lenger skulle ha ansvar for grunnskolen, sett bort frå ei overgangsordning når det gjaldt tilskott til skolebygg. Som ei personleg ordning fekk likevel skoledirektør Anders Stølen inn-byding til å møte på fylkestinget når saker som gjaldt utbygging av skoleverket låg føre. Skoledirektøren har alltid hatt eit nært samarbeid med fylkeskolestyret og har i følgje grunnskolelova hatt rett til å vere til stades og seie si meining der. Dette har vore slik heilt fram til opplæringslova[2] blei gjort gjeldande i 1999.

UtgjevingarEndra

(ufullstendig)

  • Møre og Romsdal skoledirektørdistrikt gjennom 20 år. Attersyn og perspektiv., november 1975
  • Grunnskolereform og lokal reaksjon, Aschehoug 1984
  • Skole for nye slekter : vidaregåande undervisning i Møre og Romsdal gjennom tidene, 1986
  • Gotskalk-namn i Mauranger sokn - Kvinnherad. Norsk Slektshistorisk Tidsskrift (bind XXXI).
  • Edruskapsundervisning og elevreaksjon, J.W. Cappelens, 1958

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. http://www.ekeland-transport.no/Historie.htm
  2. Lov 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

BakgrunnsstoffEndra