Andor (Andre, Andrea) Arnoldovitsj Lilienthal (5. mai 19118. mai 2010), var ein ungarsk stormeister i sjakk.

Andor Lilienthal

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ungarn
Fødd 5. mai 1911
Moskva
Død

8. mai 2010 (99 år)
Budapest

Yrke sjakkspelar
Andor Lilienthal på Commons
Andor Lilienthal ved sjakkolympiada i Torino 2006

I den lange karrieren han hadde, spelte han mot 10 verdsmeistrar i sjakk, og slo 6 av dei, verdsmeistrane Emanuel Lasker, José Raúl Capablanca, Alexander Alekhine, Max Euwe, Mikhail Botvinnik og Vasilij Smyslov.

Lilienthal, som døydde 3 dagar etter at han fylte 99 år, er den stormeisteren i sjakk som har levt lengst. Han var aktiv og ved god helse i svært høg alder, køyrde bil då han var 94, og skreiv artiklar for sjakktidsskrift.

Sjakkarriere endre

Lilienthal vart fødd i Moskva av ungarsk jødiske foreldre, og flytta til Ungarn då han var to år gamal. Han spelte for Ungarn i tre sjakkolympiadar (lag-VM i sjakk) i 1933, 1935 og 1937. Han emigrerte til Sovjetunionen i 1935, og vart sovjetisk statsborgar i 1939. Lilienthal spelte i Sovjetmeisterskapen i sjakk åtte gongar, det beste resultatet var ein førsteplass delt med Igor Bondarevskij i 1940. Han kvalifiserte seg for Kandidatturneringa ein gong, i 1948.

Lilienthal vart tildelt tittelen stormeister i sjakk i 1950, og var dermed blant dei første 27 sjakkspelarane som vart stormeister då Verdssjakkforbundet begynte å dele ut denne tittelen.

Frå 1951 til 1960 var han trenar for Tigran Petrosjan. Lilienthal vart venn med Vasilij Smyslov i 1938, og var Smyslov sin sekundant i tvekampane om verdsmeisterskapen i sjakk mot Mikhail Botvinnik i 1954, 1957 og 1958. Han avslutta si aktive karriere som turneringsspelar i 1965 og flytta tilbake til Ungarn i 1976.

Eit minneverdig parti endre

Lilienthal er ein av dei få spelarane som har lik skår med Capablanca. Her er vinsten mot Capablanca i Hastings i 1935.[1] Lilienthal overraskar Capablanca med eit fantastisk dronningoffer som avgjer partiet:

  • 1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sc3 Lb4 4.a3 Lxc3+ 5.bxc3 b6 6.f3 d5 7.Lg5 h6 8.Lh4 La6 9.e4 Lxc4 10.Lxc4 dxc4 11.Da4+ Dd7 12.Dxc4 Dc6 13.Dd3 Sbd7 14.Se2 Td8 15.O-O a5 16.Dc2 Dc4 17.f4 Tc8 18.f5 e5 19.dxe5 Dxe4 20.exf6!! Dxc2 21.fxg7 Tg8 22.Sd4 De4 23.Tae1 Sc5 24.Txe4+ Sxe4 25.Te1 Txg7 26.Txe4+ Kd7 1-0

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Lilienthal-Capablanca, Hastings 1935, Nimzoindisk, Sämisch-varianten, 26 trekk, 1-0.