André Krogsæter

norsk fotballspelar

André Krogsæter (fødd 12. mai 1961) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo som i tida 1981-86 vann to NM-gull og ein seriemeisterskap med Lillestrøm Sportsklubb. Midtspissen spelte fire landskampar i 1984-85.

André Krogsæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1961 (62 år)
Oslo
Yrke fotballspelar

Krogsæter spelte på fjerdedivisjonslaget Årvoll IF fram til 1979. Framfor 1980-sesongen vart han overført til Lillestrøm SK. Han skåra det eine målet då laget vann cupfinalen 1981 med 3-1 over Moss FK og alle fire måla då Lillestrøm sigra med 4-1 over Vålerenga i cupfinalen 1985. I sin sjuande og siste sesong med Lillestrøm vart han i 1986 seriemeister. Den høge midtspissen spelte i alt 128 seriekampar på Lillestrøm SK og skåra 45 seriemål. Frå 1987 var han å finne i rekkene til Oslo-laget Frigg i tredje divisjon.

Krogsæter var med i den norske OL-troppen i 1984 og deltok i alle tre kampane Noreg spelte i Los Angeles. I april 1985 spelte han sin fjerde og sist landskamp, mot Aust-Tyskland i Frankfurt an der Oder. Han kom aldri på skåringslista med landslagslagsdrakta på.

Merittar endre

  • Cupmeister: 1981 og 1985 med Lillestrøm
  • Seriemeister: 1986 med Lillestrøm
  • Tapande cupfinalist: 1986 med Lillestrøm

Kjelder endre